Merkedag

Share

I dag vart det ein merkedag i våre liv, for vi fekk ei melding frå Sigmund på Valderøy om at ein ny verdsborgar hadde dukka opp. Dei fekk sitt tredje barn og har no to gutar og ei jente. Dei to søskena hans var hos besteforeldre på Sula og med dagens koronarestriksjonar får dei nok ikkje helse på bror sin før mor og barn kjem heim om nokre dagar. Det er tydelegvis strengt regime på sjukehusa rundt om i landet.

Det vart ingen salutt på Eskeland, men det var det sikkert andre stader i verda. Wikipedia fortel: Den 15. august, nasjonaldag i Republikken KongoSør-Korea og Liechtenstein 

Der var det sikkert både paradar og saluttar. Men vi tok eit kakestykke til kyrkjekaffe og unna oss sjokoladepudding til dessert. Den kom forresten noko seint, for vi hadde Bali kyllinggryte med ris til middag og etter den måtte eg ha ein pause før  neste rett, og då venta dei andre i solidaritet med ein svevnug farfar.

I kveld fekk vi så med oss siste dagen på Sommerseilasen, Statsraad Lemkuhl har vore innom 31 hamner i sommar fekk vi vite. Og Emil fekk selskap av Salma då han skulle gå planken, vi har vore saman om dette programmet, så då får vi hoppe i havet saman også, sa ho.

I morgon er det partileiardebatt, det er slett ikkje sikkert vi kjem til å fylgje den.