Politisk happening

Share

Denne veka er det Arendalsuka og i kveld var det partileiardebatt. Den vart vel starten på valkampen, og samling på Statsraad Lemkuhl, som vi har hatt på skjermen heile sommaren, skulle vel vere eit trekkplaster. Nå var dei heldige med veret, så etter det lille eg såg, var debatten ute, ikkje på båten, men på Fløyheia. Truleg nytta dei 100-millionars heisen for å kome opp dit.

Men det var ikkje mykje eg såg. Truleg høyrer eg til dei som ikkje sit på gjerdet og lurer på kva dei skal stemme, dei treng knapt valkamp for å finne rett stemmeseddel. Men av det vesle eg såg, verka debatten grei. Om han fekk fram skiljelinjene i politikken, er eg nok meir usikker på. Dei to store er enige om så mykje at resten blir ikkje så veldig interessant.

Men ein politisk happening var det tydelegvis for dei som var med.

Eg gledde meg heller over at snooker-sesongen er i gang att. Det er ein sport på tv som eg har sans for, der er det lite bråk og hoiing frå tribunen, sjølv om det no er blitt lov med publikum i salen, det har det ikkje vore sidan koronaen slo inn over Europa. Det er fascinerande å sjå korleis spelarane treffer kulene og får den kvite kula til å legge seg på rett plass for å kunne slå ned ny kule. Eg spelte av og til på biljardbordet i kjellaren på Nomeland bedehus, det er mindre, men å treffe og få ei kule i holet, det var nok meir lukke enn dyktighet frå mi side.