Hurtigrutemuseet

Share

I dag opna Hurtigrutemuseet på Stokmarknes. Abid Raja kom frå regjeringa for å gjere jobben, og mange prominente gjester var der. Det er litt rart å tenke på at det var eg som lanserte den ideen då eg var med i kulturstyret i Hadsel kommune den tida eg var rektor på Hadsel folkehøyskole.

Margunn sendt meg denne lenka frå NRK https://www.nrk.no/nordland/hurtigrutemuseet-har-apnet-pa-stokmarknes-_-beskrives-som-en-nasjonal-kulturskatt-1.15626270

Ho hadde også funne nokre avisartiklar om saka. Når eg les dei, ser eg at ideane mine var smålåtne målt opp mot det som vi i dag såg på TV, eg tenkte på skipsmodellar av båtane som har seilt i teneste for selskapa som dreiv Hurtigruten, men tenkte også på ein salong som var på Sjøfartsmuseet.

Etter nokre år kom det eit hurtigrutemuseum i bustaden til direktøren i Vesteraalske etter at han hadde slutta og bustaden stod tom. Men den var ulagleg, den låg så langt borte frå kaien at passasjerar og turistar ikkje rakk å få noko tid på museet før skipet dei reiste med skulle segle vidare.

Men ideen var fruktbar, sjølv om han var kostbar. I ei perle av eit glassbygg kan no eit heilt skip stråle om kapp med midnattsola når anløpet er om natta og nordlys frå vinterhimmelen spegle seg i dei store glassflatene når det er mørkt.

100.000 besøkande i året ventar museet. Det går langt ut over mine villaste tankar den gongen for mange år sidan då eg lanserte ideen.

Åpne bilde