Jubileum

Share

Denne helga var det jubileum for dei som gjekk ut av Mandal gymnas for 60 år sidan. Dei har møttest kvart femte år ei stund, og Torbjørn Greipsland kom reisande frå Askim for å vere med på det. I ein pause kom han innom oss og vi fekk ein god times prat om laust og fast igjen. Vi har alltid litt av kvart å snakke om.

Kullet i Mandal i 1961 var om lag 90 stk, men det var bare 13 som møtte opp i år, 15 var påmelde, men to måtte melde avbod. I løpet av 60 år skjer det ganske mykje, så dei fleste av dei han gjekk saman med  hadde nok truleg gått bort, det er ikkje alle forunt å leve til ein blir nesten 80 år. Andre får ikkje ha ei slik helse at dei kan dra på ei lenger reise.

Sjølv har eg etter kvart funne ut at eg nok har det best her heime og at eg neppe ville kome meg til Stokmarknes om eg hadde blitt invitert dit til opninga av HUrtigrutemuseet, som eg skreiv om på bloggen i går. Eg har nok gjort mi siste flyreise, og eg saknar heller ikkje å fly.

Torbjørn hadde hatt godt oppmøte på eit foredrag han hadde hatt i Alvdal på ettersommaren, om lag 40 personar hadde kome for å høyre han fortelje om nordmenn i USA, og alvdølar spesielt. Han vil framleis ta slike turar om han får spørsmål, så han har litt større radius å virke på. Eg tok eit bilde av han og tenkte å legge ut på bloggen, men han ville ikkje at eg skulle det, så då får kveldens blogg bli utan bilde.