Sommarbesøk og sommarseilas

Share

I ettermiddag hadde vi eit hyggeleg besøk av Reidun sitt søskenbarn Aud Venke. Det var ein triveleg samtale om slekt og felles kjende over kaffe, lefser og hardangerlefse. Reidun var i Mandal i går og på Torvet var det Bondens Marked med god bakst, heilt frå Tingvatn i Hægebostad kom visst desse gode kakene.

Sommarseilasen med seilskuta Statsraad Lemkuhl går vidar og i dag kom båten til Strusshamn. Helge var spent på om dei ville ta opp eit spørsmål han har lurt på og som han sende inn til skipet: Kva er minste bemanning ein må ha for å drifte denne gamle seilskuta.

Grunnen til spørsmålet var at han hadde lese i Lindesnes Avis at seilskuta Sea King hadde eit mannskap på 16, og den var også ein bark, slik som Sommerskuta.  Sanneleg fekk han ikkje svar på spørsmålet, det var eitt av dei to som båtsmann Jo Leif svarte på.

Svaret var at Statsraad Lemkuhl er bygd som skoleskip og altså ikkje heilt kan samanliknast med eit seilskip som var eit handelsskip. Men han fortalde at dei trong 18 faste personar for å handtere skipet. I tillegg trong dei medseilarane, som altså normalt var kadettar på skuleskip, men som no var frivillige medseilarar. Helst ville dei ha 90 personar om det skulle gå greitt med nok folk på alle vakter, men så mange var dei ikkje no, for no var mykje av plassen oppteken av alt utstyret som NRK hadde rigga til for å få til sendingane.

I kveld gjekk dei til Strusshamn på Askøy, men dei gjekk ikkje til kai der, dei var bare innom på vågen, så sette dei kursen mot Bergen, og når eg skriv dette, er dei truleg klare for å legge til kai i Vågen. Om det står eit tusentals publikum og helsar dei velkommen der, er vel heller tvilsomt.

Men det er fascinerande å fylgje med på ferda gjennom TV-skjermen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *