Toccata

Share

Du som les bloggen min veit at eg er oppteken av orgelmusikk. Det var nok grunnen til at eg for mange år sidan på billigsal kjøpte boka Toccata av Owe Wikström, Han var professor i religionspsykologi ved Uppsala universitet.

I boka skriv han betraktningar om Johann Sebastian Bach sitt åndelige univers. Boka har stått i hylla på soverommet i mange år. Men i dag tok eg ho fram og tenkte at eg må sjå om eg skal lese ho eller om eg skal levere ho vidare. Nokre bøker må ut av huset om ikkje så alt for lenge.

Eg begynte å lese, og tidleg i boka skildrar han turen frå Berlin til Leipzig: Så kjører man sørover langs de støyende motorveiene som Hitler lot bygge, forbi Luthers by Wittenberg. I blant blir man stående i lange køer. Denistykkerkjørte Autobahn må stadig repareres. Den  brutale arkitekturen i det tidligere DDR rt i ferd med å bli erstattet av markedsøkomomiens glass- og stålpalasser. Jeg ser Mövenpick og IKEA i det flate landskapet.

Slik var det for oss også. Vi stoppa i Wittenberg, der kjøpte eg ei cd-plate med både kor- og orgelmusikk. Den har eg spelt mange gonger.

Vi var nokre år seinare enn Wikström, så vegane var nok betre, sjølv om vi opplevde Aust-Tyskland sine betongvegarpå turen frå Sassnitz.

Den største overraskinga på den turen var at då vi var på ein konsert i Nicolaikirche og sat høgt oppe på eit galleri, såg vi Pieter Leebeek nede i kyrkja, han var også pilegrim i den store meister Bach sine fotspor.

Toccata - 
      Owe Wikström

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *