Ut i geografien

Share

Når ein skal ut i geografien er det godt å ha eit kart, om ein då kan lese det. Sjølvsagt kan ein følgje skilt og vegnummer når ein køyrer bil, men også då er det godt med eit kart.

Vi har eit kart over Mandal by, og det er velbrukt. Så velbrukt er det at då Reidun i dag ville vise Solvor og Gaute litt av geografien der vi bur på kartet, var det helst litt vanskeleg å brette det ut og endå vanskelegare å brette det saman.

Men ikkje alle har så lett for å lese kart. Men Reidun har fått god trening i det, for då vi budde i Nord-Norge og skulle kjøre sørover og besøke slekta, valde vi ofte å kjøre litt ulike vegar for å kunne vere turistar i eige land samstundes. NAF si vegbok har jo både kart og informasjonsartiklar, men når kartet sluttar, må ein over på ei ny side og finne att ruta ein skal kjøre. Det tok Reidun som ein leik, men så er ho jo meister i å legge puslespel.

Å lese strikkeoppskrifter er for nokon heilt uforståeleg, men for dei som kan kodane for forkortingane og i tillegg kan strikke, går det som ein leik. Søstrene mine les slike strikkeoppskrifter som eg aldri kjem til å skjøne, og deretter kjem det både vottar og gensarar i dei finaste mønster. Reidun har endåtil hatt det som jobb å lage setesdalskofter på strikkemaskin, og då er det også viktig å få terrenget til å stemme med kartet.

Solvor og Gaute reiste til Skien ein tur i dag, med GPS i bilen var det nok rimeleg lett å finne vegen. Som misjonærar i Bangladesh var det nok vanskelegare å dra ut i geografien og kome fram til rett stad og rett tid.

-Om vi ikkje finn fram, får vi spørje dei vi treffer.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *