Brukte bøker

Share

I går skreiv eg om bruktbutikken på Rysstad, der Ørnulf hadde vore på reportasjetur- Eg fekk ikkje høyre innslaget, men snakka med han og han fortalde at dei hadde mange brukte bøker. I telefonkiosken ved det gamle kommunehuset i Valle er det også brukte bøker ein kan ta med seg eller bytte.

Problemet mitt er at eg har alt for mange og helst ikkje bør skaffe meg fleire, i alle fall ikkje utan å kvitte meg med nokon først. Men her i Mandal er det ein bruktbutikk for kristen litteratur, og då eg oppdaga den, han heiter Budskapet Antikvariat, fekk eg jo lyst å kjøpe noko der. Til no har eg ikkje gjort det, men freistinga er der.

Av og til gløymer eg å avbestille ei bok i Bokklubben, så då dukkar ho opp i postkassen. Før kom Bindestreken, som bladet deira heiter, ut ein gong i månaden, trur eg, men no kjem det visst oftare. Sjølv om eg kan returnere om det er ei bok eg ikkje vil ha, så blir ho verande, kan hende kan eg gi ho bort ved eit høve.

Brukte bøker er som oftast av litt eldre dato. Dei fell fort i pris, frå 3-400 kroner nye til ein tiar eller to når dei er brukte. Så det er mykje pengar å spare. Men så er det også eit problem å få tid til å lese dei. Eg vil heller ha eit oppslagsverk som kan gi nokre linjer på Setesdalswiki enn ein roman.

Eg trur eg leitar litt i boklista til Budskapet Antikvariat og ser om eg finn noko.