Samling i Lyngdal

Share

I dag hadde eg og dei tre søstrene mine sett kvarandre samling i Lyngdal hos Jorunn. Vi er så heldige at ektefellene våre lever, og dei var sjølvsagt med.

Eg hadde i grunnen tenkt at eg ville dra like etter formidddagsmat, men eg tok meg ein formiddagsstrekk, og den vart altfor lang. Då vi endeleg kom oss i bilen, var dei andre, som kom frå Rogaland, alt komne til Lyngdal.

Ein ting var å kome seg i bilen, men å kome ut på E39 frå Tregdeveien, det er jo alt anna enn lett. Trafikken er stor i begge retningar og det er langt mellom lukene. Då vi endeleg kunne svinge vestover, var det jo kø, så det var bare å legge seg bak og håpe at det ville gå godt. Det gjorde det også, og då vi kom fram, var det bare å gå rett til bords.

Ei nydelig kyllinggryte med ris var på menyen, og sanneleg var det også plommegrøt til dessert. Plommehausten har vore rikhaldig i år, Jorunn har laga plommesyltetøy i glass og krukker, etter det eg skjøna.

Samtalen gjekk glatt rundt bordet, det var mest som vi ikkje hadde tid til å flytte oss frå spisebord til lenestol. Reidun og nokre andre valde å sitje ute, men fleire av oss sette oss inne og fekk høyre Jorunn lese frå papir ho hadde funne på Ålgård der far fortalde om barneår og slekt og familie. Det var svært interessant og gav oss nokre aha-opplevingar. Med tid og stunder får vi nok kopi av papira, alle saman.

Men tida gjekk fort, og vi måtte jo få kaffi før vi reiste heim. Tre kaker på åtte personar, Eplekake, kringle med vaniljekrem og eplesyltetøy og nøttekake med gul krem på toppen, eg veit ikkje kva den heiter, suksessterte, kanskje, det smakte svært bra.

Før vi runda av, delte vi ein andakt far hadde skrive frå ei bok han fekk ut på Setesdalsforlaget. Boka heiter Jesus har bruk for deg og vart seld til inntekt for Sundagsskulen sin leirstad. Så song vi eit par songar av Petter Dass før vi tok på heimveg.

Solvor, Gaute og Jorunn

Ole Thorvald, Sigurd og Gunbjørg