Ingen blogg i går

Share

Vi har vore utan TV nokre dagar, det var Telenor som hadde problem, vi kunne endåtil få 100 kr. i kompensasjon om vi sende inn søknad. Men i går kom signala att og vi kunne sjå friidrett frå Zürich til seine kvelden. Og plutseleg var kvelden gått utan at eg hadde tenkt på bloggen, det kom eg ikkje på før eg var i senga, og då orka eg ikkje stå opp att for å skrive, sjølv om tanken streifa meg.

No har det dukka opp modne plommer på vårt plommetre også, og då Helge reiste til Sandøya i dag, tok han med eit par-tre kilo, så dei har nok kost seg i kveld, dei som likar plommer. Reidun har laga plommesyltetøy, så no er det lokk på kjøpesyltetøy enn så lenge.

Om eg hadde skrive blogg i går, hadde eg nok skrive om at vi hadde besøk av feiaren. Han var grundig og gjekk gjennom huset frå kjellar til loft og fann mangt og mykje som ikkje var heilt etter forskriftene slik dei no er. Vi skulle få brev om det som måtte fiksast på, forskriftene blir endra og så må heile bygningsmassen sjekkast og få pålegg om å utføre endringar. Det skapar aktivitet i lokalsamfunnet og arbeid til handverkarar av mange slag.

Eg får ta meg ei plomme på det.