Rasisme

Share

Det var tankevekkande å høyre på Lindmo i kveld. Fredrik Solvang fortalde om sin oppvekst, eg visste ikkje at han hadde vakse opp i nord, den dialekten hans røpar jo ikkje det. Den andre gjesten hadde vakse opp utanfor Oslo. Begge hadde dei opplevd rasistiske kommentarar i kommentarfelt og innboksar.

Av og til lurer eg på om eg lever i ei særs verna verd. Rett nok er eg Blenda-kvit og skulle ikkje få kommentar på hudfarge. Men gjennom åra har eg hatt med mange innvandrarar å gjere og har ikkje høyrt at dei har fått hatmail eller tilrop om å dra dit dei kom frå. Det kan sjølvsagt  skuldast at dei ikkje har fortalt det til meg. Det kan også skuldast at eg har vore naiv.

Å høyre om kva slike kommentarar kan gjere for sjølvkjensle og frimod, var tankevekkande. No har dei begge som var på TV i kveld klart seg godt i samfunnet vårt, og eg vonar at det ikkje er hatmail i innboksen til Fredrik Solvang når han har hatt ei debattsending, men at det er saklege kommentarar.

Valet synte også at dei partia som var mest mot innvandring, ikkje vann fram til Stortingsplass, så fleirtalet av folk her i landet er ikkje i dei kategoriane som vi har sett vinne fram i Ungarn og Polen, mellom anna.

Dei to gjestene i kveldens program meinte likevel at det var håp og at Norge som eit multikulturelt samfunn går framover. Det vonar eg også, det gir håp.