Overraskande

Share

I ettermiddag fekk vi overraskande besøk av Ove Berrefjord. Han var alt på Jåbekk då han ringde og spurte om vi var heime og om han kunne kome på besøk. Alle koronarestriksjonane var oppheva, men vi trong ikkje gå ut og feste, slik vi såg folk gjorde rundt om i landet. I staden sette vi kopp og asjett på bordet og serverte svele frå Holum.

Dei hadde Helge og Reidun skaffa då eg sov middag, om det var i dag eller i går, det skal eg ikkje skrive, for om eg skriv det eine og det er feil, så passar Reidun på å minne meg om det, eg er ikkje så oppteken av slike ting, så det blir fort feil. Men svelene fall i smak både hos meg og Ove, og praten gjekk lett. Vi har mange gode minne frå lang tid tilbake, så om vi ikkje møtest så ofte, er det likevel nok å snakke om.

Sjølvsagt måtte vi oppdatere kvarandre på korleis det stod til med barna våre. Ove hadde nyleg sendt dattera Anne til Mongolia, der ho skal vere eittåring i samarbeid med NLM. Håkon går på folkehøgskole der han driv med klatring og der skulen skal ha tur til Japan til våren. Våre barn er og spreidde rundt om, men ikkje så vidt som dei, Helge i Oslo (her under pandemien), Rønnaug i Nittedal, Margun på Sandøya ved Brevik og Sigmund på Valderøy.

Samtalen varte så lenge at det vart pizza også før Ove sette kursen heimover. Han er no i permisjon frå stillinga som kyrkjeverge i Lardal og arbeider som opplæringskonsulent i Søndagsskoleforbundet. I dag hadde han vore i Grimstad frikirke og hatt kurs for unge leiarar i søndagsskolen, 10-11 år gamle bare. Leiartreninga startar tidleg der, Framleis går 30.000 barn på søndagsskole, Søndagsskoleforbundet har 40 tilsette som jobbar over heile landet med å utruste leiarane sine for oppgåvene dei har. Dei utviklar materiell sentralt, har sekretærar i alle fylker og så nokre som reiser rundt for å inspirere og halde kurs.

Ettermiddagen vart til kveld før han tok på heimvegen. Men han likar å kjøre bil, og laurdagskvelden er det ikkje så stor trafikk, så det såg han ikkje mørkt på.

Guds velsigning over tenesta di, Ove.

Kan være et bilde av 1 person