Speidarar og sauesjå

Share

Kveldens sending i Valle Radio femna vidt, her var både speidarar og sauesjå på programmet, men også ein ung gründer og gammal orgelmusikk.

I samtalen med Olav Skinnarland avslørte Siri Johannessen, som var programleiar i kveld, at ho var gammal speidar. Dei snakka om byklespeidarane, som held seg mykje ute i naturen, men som har Kyrkjekjeddaren som alternativ om det blir for dårleg å vere ute. Og neste år vil dei på landsleir.

Johan Martin Bueng har starta eiga bedrift, Kåsland Maskin, for å kunne hjelpe folk med hagearbeid og anna forefallande arbeid. Mange eldre set stor pris på å få hjelp med plenklypping og anna rydding i hagen, så han har nok å gjere. Når skulegang krev sitt, så må han stille opp i helgene for å hjelpe.

No gleder folk i Valle seg til Sauesjået, og i år er det lagt opp til å bli større enn på lenge. Elisabeth Spockeli fortalde om planane dei har når kalenderen blir snudd til oktober, i år er det fleire utstillarar enn på lenge, så alle er glade for at koronarestriksjonane er oppheva og at folk kan møtast att. Framleis vil nok mange passe på meteren, men no er det ikkje samfunnet sitt ansvar.

Til slutt presenterte Niklos K. Besteland nederlandsk orgelmusikk, som vanleg med flott musikk på kjøreplanen. Men den får eg kanskje skrive meir om i morgon.

Når nokon ringer

Share

Når nokon ringer og lurer på om dei kan kome på besøk, så er eg rask til å svare velkommen. Om dei i tillegg har med eplekake, er det ikkje noko minus, sjølv om vi også kan servere det, slik vi kunne i dag, då Jorunn og Ole Thorvald Moen kom ein tur frå Lyngdal.

Dermed vart det kaffi og eplekake og Ole Bulls ostekake, og til saman var det så mektig at det heldt i lange tider, men då dei reiste i ni-tida var det godt med brød att. -Vi har ikkje meir brød, vart det sagt under den franske revolusjonen. -Gje folket kake, då, svarte dronninga, men ein kan ikkje leve på kake.

Denne kvelden var vi fem som kunne kose oss med quiz fra Vårt Land, Aftenposten og Fædrelandsvennen. Men vi er ikkje gode på film og popmusikk, så det er ikkje så lett å få full score, det klarar vi svært sjeldan om vi er få eller mange.

Praten gjekk om litt av kvart, mellom anna om Kristine, som går på vidaregåande skule i Ezwatini og korleis ho valde å dra så langt, Men det hadde vi ikkje noko godt svar på, ho bare ville det. Jorunn hadde nok hatt problem om det var hennar dotter som ville dra så langt heimanfrå, meinte ho.

Elles gjekk praten om strikking og alt garnet mor hadde samla og som Jorunn no prøver å strikke opp. Strikkefolk samlar på garn, og så blir det alltid restegarn, og kva skal ein bruke det til. Så vert det samla opp, då Reidun jobba på sjukeheimen her i Mandal, samla leiaren for arbeidsstova opp garnet på Norgesglas som hu brukte som fargerik dekor i rommet. Garn kan altså brukast til mykje meir enn strikking. Men eg droppa ut, strikking er høgare matematikk for meg, og når folk går i gang med det, har eg ikkje noko å bidra med.

Men ein hyggeleg kveld var det.