Ein kjenning

Share

I dag oppdaga eg ein kjenning i lista over far sine medelevar på Bibelskulen i Oslo. Ottar Istad var kretssekretær i Sunnmøre krets av Den indre Sjømannsmisjon då eg var redaktør av Fiskerens Venn frå 1972 til 1976, Vi møttest nokre gonger i ulike samanhengar, mellom anna på Arbeidermøte i Svolvær. Der var også tilsette på Hadsel folkehøyskole inkludert, så vi hadde mange hyggelig møter og festar saman med predikanaene i Indre Sjø.

Eg skreiv artikkel om han på Setesdalswiki, der eg har eit prosjekt om å skrive om mange av dei som far møtte då han gjekk på Bibelskulen. Men til tross for at eg seinare kom til å vere tilsett i same organisasjonen som Ottar Istad, høyrde eg aldri far snakka om han, så dei var nok ikkje så nære den gongen, men det var jo mange der det året han gjekk der.

Ottar Istad (fødd 11. august 1916, død 2. juli 2013) var kretssekretær i Den indre sjømannsmisjon Sunnmøre krets. Han var fødd i Kristiansund, men vaks opp i Romsdal og vart forkynnar i Romsdal indremisjon frå 1933. Vinteren 1936/37 gjekk han på Bibelskulen i Oslo og etter det heldt han fram som predikant i ulike samanhengar til han i 1957 kom til Ålesund Indremisjon som bysekretær. Sidan vart han kretssekretær i Sunnmøre indremisjon, men i 1969 vart han kalla til kretssekretær i Den indre sjømannsmisjon og heldt fram der til han vart pensjonist. Sidan var han fritidsforkynnar når høvet la seg til rette.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *