Når nokon ringer

Share

Når nokon ringer og lurer på om dei kan kome på besøk, så er eg rask til å svare velkommen. Om dei i tillegg har med eplekake, er det ikkje noko minus, sjølv om vi også kan servere det, slik vi kunne i dag, då Jorunn og Ole Thorvald Moen kom ein tur frå Lyngdal.

Dermed vart det kaffi og eplekake og Ole Bulls ostekake, og til saman var det så mektig at det heldt i lange tider, men då dei reiste i ni-tida var det godt med brød att. -Vi har ikkje meir brød, vart det sagt under den franske revolusjonen. -Gje folket kake, då, svarte dronninga, men ein kan ikkje leve på kake.

Denne kvelden var vi fem som kunne kose oss med quiz fra Vårt Land, Aftenposten og Fædrelandsvennen. Men vi er ikkje gode på film og popmusikk, så det er ikkje så lett å få full score, det klarar vi svært sjeldan om vi er få eller mange.

Praten gjekk om litt av kvart, mellom anna om Kristine, som går på vidaregåande skule i Ezwatini og korleis ho valde å dra så langt, Men det hadde vi ikkje noko godt svar på, ho bare ville det. Jorunn hadde nok hatt problem om det var hennar dotter som ville dra så langt heimanfrå, meinte ho.

Elles gjekk praten om strikking og alt garnet mor hadde samla og som Jorunn no prøver å strikke opp. Strikkefolk samlar på garn, og så blir det alltid restegarn, og kva skal ein bruke det til. Så vert det samla opp, då Reidun jobba på sjukeheimen her i Mandal, samla leiaren for arbeidsstova opp garnet på Norgesglas som hu brukte som fargerik dekor i rommet. Garn kan altså brukast til mykje meir enn strikking. Men eg droppa ut, strikking er høgare matematikk for meg, og når folk går i gang med det, har eg ikkje noko å bidra med.

Men ein hyggeleg kveld var det.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *