Røyk utan eld

Share

I kveldens sending var Sondre Rua Dokken med Valle Brannvesen på øving. Han sat på i tankbilen til brannvesenet, men samtalen med Torleif Homme måtte vente til dei hadde stoppa, for det var for mykje bråk medan dei køyrde.

Øvinga var i gymsalen på Setesdal folkehøgskole, den gamle Hylestad skule, altså like ved der eg budde dei første åra i Setesdal, frå 1991 og utover. I den gymsalen meiner eg å hugse at vi hadde  mange timar med volleyball på kveldane det året, det var før Reidun flytta frå Stokmarknes, så eg var aleine det året. Ove Berrefjord og Knut Høgevoll spelte badminton så sveitten spruta, men det er 30 år sidan, eg trur nok dei tek livet litt meir med ro no.

Sjølv om eg la opp,spelte hylstringane volleyball der i mange år, eg trur dei hadde stor glede av det, og då folkehøskulen overtokm var det mange som meinte at bygda burde få bruke gymsalen som før. Korleis det gjekk, er eg ikkje sikker på, kan hende flytta all slik aktivitet til Vallehalli då den var ferdig, sjølv om det betydde noko meir køyring for folk.

No var altså salen i bruk til øving for røykdykkarane. Dei har krav om minst fire slike øvingar i året, og ei av dei må vere varm, då må dei til Evje for å øve om dei ikkje har eit hus som skal brennast ned. Det hadde dei i det huset vi budde i den gongen, så hadde eg visst at det skulle brennast ned, hadde eg ikkje kjørt til Reimarmoen med aviser eg hadde samla på gjennom dei åra vi budde der då vi skulle flytte.

På Nomeland nytta dei ein røykmaskin til å lage røyken, den var ikkje farleg, men den var så tjukk at dei såg ikkje noko i romet og måtte arbeide saman to og to for å leite etter folk.

Men det var røyk utan eld.

Programmet for kveldens sending var slik:

Ansvarleg og teknikar Sondre Rua Dokken
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer med ordførar Steinar Kyrvestad
20.00 Lokal time
Setesdal brannvesen IKS på øvelse
Kim Rysstad om plateinnspiling
21.00 Blueskveld med Ronny Stavsholt

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *