Sang med munnbind

Share

Eg vart litt overraska i dag. Vi pleier å fylgje gudstenesta på svensk TV2 klokka 10. I dag var det felles nordisk gudsteneste frå Finland, den var ikkje direkte. Dei fleste i kyrkjelyden hadde på seg munnbind og når dei reiste seg for å syngje, tok dei ikkje av seg munnbindet.

Det må vere litt rart å synge med munnbind, Eg kan tenke at lyden får ikkje kome ut. Her var dei i eit flott kyrkjerom med god akustikk og fin orgelmusikk og det skulle vore fulltonande song, men det var helst spinkelt.

Ein kan jo lure på kva det har gjort med sanggleda å ha hatt korona-restriksjonar i halvtanna år. Kor har sett aktiviteten på vent, konsertar og øvingar har stoppa opp. Når vi ser på gudstenester, ser vi at forsangarane står langt frå kvarandre. Det er ikkje så lett å lytte til dei andre i eit kor når kravet om meteren skal oppfyllast.

No opnast det heldigvis opp att også innan kulturlivet. Så må regjeringa finne ein formel slik at også frivillige lag og organisasjonar kan få støtte sjølv om dei ikkje er momsregistrert eller kva det no er for kriterier som ligg til grunn.

Kan være et bilde av 2 personer og innendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *