Snu på hælen

Share

Alt var klart til kveldens sending i Valle radio, men ti på halv seks kom ein telefon frå Gunnar Flateland som gjorde at eg måtte snu på hælen. Vi hadde ein avtale om å snakke om tida hans som sjømann, men han hadde kome heim frå sjukehuset i dag og meinte at han ikkje kunne klare å vere med.

I avisa for i går var det ein annonse for eit arrangement som skal vere på Landeskogen fredssenter til helga: Krigsseilerne – med ærenI  i behold. Eg tok ein telefon til Uwe Arntzen, men han meinte at Ottar Schjølberg måtte vere rette mannen. Ny telefon til han, og han kunne vere med ein halv time, han og. Dermed var kvelden redda.

Torunn Charlotte Nyberg var kommunen sin representant i kveld, og ho hadde litt av kvart på hjarta, for no opnar kulturlivet opp att. Etter haustferien vert det bading som vanleg, kinoen opnar og viser populære nye filmar mest like fort som i byen. Framleis må ein vere forsiktig, men det er god plass. I kulturveka skal Kulturprisen delast ut, den brukar ein til vanleg å dele ut 17. mai, men også i år var 17. mai-feiringa mykje digital, og ein ville heller vente til folk kunne møtast att.

Programmet for Sauesjådagen er imponerande, det skjer noko over heile bygda. Eg meinte at dei burde bygge inne sentrum, få tak over sentrum som i Bodø, der Torunn kjem frå, men enn så lenge får ein nok satse på å kle seg godt og så nyte både folk og fe i friluft. Det kjem scene i sentrum denne dagen, og arrangementet er noko spreidd, men det er fleire utstillarar enn tidlegare, så det er bare å satse på godt og tenleg ver. I Sæbyggjen blir det både utstilling og suppe, og ved Motellet blir det både kyr og sauer som skal premierast, plent som i gamle dagar.

Eg får slutte der, over 300 ord er i grunnen nok i ein blogg. Så har eg heller att noko å skrive om i morgon.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *