Tankevekkande

Share

I kveld såg vi på Lindmo der dei snakka om datasikring. Det var tankevekkande å høyre om korleis hackarar kan stenge ned ein heil kommune, slik dei gjorde med ein kommune på Toten. Det kosta kommunen 35 millionar kroner å kome i gang att, og framleis er dei kanskje bare 95% tilbake til det nivået dei hadde før det skjedde.

Tankevekkande var det også å høyre Jan Olsen fortelje om Sykler til Cuba i onsdagssendinga i Valle Radio. Han er 69 år og samlar framleis inn syklar. I år hadde han alt sendt ein containar av garde, stappfull av syklar, og med posar med sko og klede mellom syklane. Eg må jo utnytte plassen, det er dyrt å sende luft, sa han. Prisen for ein containar er 40-50.000 kroner, så i tillegg til syklar er han glad for støtte til frakta. Han søkte støtte for frakt hos Norad ein gong, men dei sa bare at han måtte knytte seg opp mot ein større organisasjon, så han fekk kroner 0.

Før hadde han ein frivillig på Evje som hjalp han å fikse syklane gratis før han sende dei. No fiksar folk på Cuba dei i staden, då får dei jobb og kan tene litt. For lønna er låg, alt på Cuba er statsfinansiert, men lønna var bare 200 kr. månaden, og det lever ein ikkje lenge på, så alle driv handel i ulikt omfang. På Facebooksida Sykler til Cuba er det kontonummer for den som vil støtte med pengar.

Sjølv om Jan Olsen er over pensjonsalder, held han seg i skogen når han er i Norge. Det vil han gjere så lenge helsa held, og alt han tener der går til prosjektet, sikkert også noko av trygda også.

Skriv media på Cuba om deg? spurde eg. Eg har vel vore i ei avis der ein gong, men det er helst Setesdølen som skriv om meg, svarte Jan Olsen, glad for støtta han får frå heile Setesdal til prosjektet sitt. Når ein unge på Cuba får ein sykkel, blir den til transportmiddel for heile familien. Ein på setet, en på bagasjebærar og ein på stanga og på ryggen. Elles må dei bruke apostlane sine hestar og vandre.

Når containarane kjem til Cuba, står dei der til Jan sjølv kjem ned for å opne dei. Om nokon andre skulle opne dei, ville nok innhalde bli rive ut og bli spreidd for alle vindar. Men Jan prioriterer dei fattigaste av dei fattige og gler seg over å kunne formidle hjelp til dei.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *