Nesten i mål

Share

Eg fekk etter kvart som dagane i oktober gjekk framover ein tanke om at eg skulle klare å nå eit nytt hundretal på Setesdalswiki i løpet av månaden. For å klare det, måtte vi skrive 100 nye artiklar før kalenderen bytta til november, men no er det bare minutt at, og vi enda på å mangle ni artiklar for å nå det målet.

På Wikipedia har dei også månadens konkurranse, og her var det ingen som sette opp konkurransen for oktober, så langt ut i månaden tok eg eit tak og sette han opp. Der har dei eit system som automatisk reknar ut poeng, og om ein klarar 200 poeng, får ein eit lite merke som ein kan sette på heimesida si. Merket er ikkje all verda for meg, men eg tenkte at eg skulle klare 200 poeng likevel. Men det enda opp med 139 i kveld, og det får halde.

Å sette seg delmål for det ein skal gjere, kan vere ein god tanke, til dømes å seie til seg sjølv at når eg har skrive tre nye artiklar eller utvida fem, så kan eg ta eit appelsin eller ein kopp kaffe. Men å vite at ein kan gjere det slik, er ein ting, noko anna er å gjennomføre det. For avisene kjem kvar dag og bør lesast, helst litt grundig, både når det gjeld Vårt Land og Fædrelandsvennen, som kjem kvar dag, og når det gjeld Lindesnes og Setesdølen, som kjem tre og to gonger i veka.

Og så skal overskriftene i Setesdølen skrivast inn, dei er jo grunnlaget for Setesdalswiki for meg, men det blir alltid nokre røde lenker som eg ikkje får skrive om, så det blir nok å halde på med, om ein no bare orkar. Eg likar best å skrive om kvelden, men så er det også noko interessant på tv, og dermed går kvelden.

Men får eg nye dagar i november, så skal det vel bli nokre nye artiklar også i den komande månaden.

Kjeldesortering

Share

Alle driv for tida med kjeldesortering. Vi sorterer aviser i papiravfall, mat i matavfall, plast i plastavfall og resten i restavfall. Slik er det heime hos oss og slik var det på kontoret eg var på i går.

Frå ungane går i barnehagen lærer dei å sortere og mange barn er vel helst flinkare enn vaksne når dei skal kaste noko. Vi vaksne lurer oss nokre gonger til å kaste papir og plast i restavfallet. Eg meiner eg las at av og til undersøker selskapet som hentar avfallet vårt om vi fylgjer reglane og dersom det er for lite sortering, kan folk få melding om det.

Slik melding har vi aldri fått, og kvar veke om sommaren og annankvar veke om vinteren, så stiller vi opp dunken fint ved vegen slik at det skal vere lett for dei som er på søppelbilen å hente den. Skulle vi gløyme det ein vakker dag, det har hendt, så går sanneleg renovasjonsfolka opp og hentar den også.

Vi komposterer ikkje matavfall, men naboen vår gjer det, så i den husstanden er det bare ein liten dunk, vår er noko større. Etter det eg skjøner havnar alt som ikkje er matavfall i Kristiansand der det vert brent og vert til ny energi. Omnane der er visstnok umettelege.

Slik såg det ut på kontoret eg besøkte i går:

Nye veier

Share

Vi var ein tur i Sørlandsparken i dag og ein kan ikkje anna enn å bli imponert over jobben som blir gjort av Nye Veier for å gje oss ein betre veg mellom Kristiansand og Stavanger. Den gamle vegen svingar seg rundt knausar opp og ned gjennom alle dei smådalane som finst på strekningen, og det er mange. Den nye blir utan store bakkar og er lagt heilt annleis i terrenget.

Neste år på denne tid vil han vere ferdig, det er ikkje så lett å tru, for det ser jo ut som kaos på mange plassar no, men samstundes verkar det som om det er orden i kaoset.

Vi rekna oss god tid på turen, det var Reidun som kjørte og ho kjører betre enn meg, for eg høyrer ofte at det brummar når eg kjem på rumlefelt i vegkanten, men ho brumma ikkje i det heile. Ettersom vi hadde god tid, vart det litt venting og i ventetida kan ein jo sjå på folk som fartar fram og tilbake og har litt av kvart å halde på med, anten det er på vegen eller andre stader. Av og til kan ein undre seg over at det går godt, særleg om ein ser seg rundt litt for mykje på alt som skjer når det vert bygd veg.

I Søgne er det ikkje bare vegbygging, men også leiligheter og forretningsbygg skyt opp med stor fart, det endrar seg frå kvar tur ein tek. No tek eg ikkje så ofte ein slik tur, det er i grunnen best å vere heime, eg pleiar å seie at all pendlinga mi til Valle i så mange år gjorde at eg vart litt lei av bilkjøring. Men det er jo interessant å sjå korleis det utviklar seg.

Tre tusen

Share

I dag kom Valle i Sørlandssendinga fordi kommunen har vedteke å løyve 3000 kroner til kvar husstand for å hjelpe med høge straumrekningar. Ordføraren stemte mot, men Margit Dale var glad for vedtaket, som var enkelt for administrasjonen å gjennomføre. Pengane kom frå ekstrainntekter av salg av straum, når folk må betale høgare avgift, får kommunen meir pengar.

Elles er det no bestemt at kulturprisen skal feirast på Sølvgarden i jolebordsesongen, så måndag 6. desember klokka 18 er det klart for å feire, først med ei samling og sidan med mat. Truleg kostar nok det meir enn tre tusen, men det er flott at medarbeidarane i radioen får ta del i kulturprisen på denne måten.

I morgon skal eg ein tur for å handle nye sko. Det vil neppe koste tre tusen, men gode sko er i grunnen verd ganske mykje meir enn vi tenkjer på til dagleg. Mange har sko for ulike høve i sin skogarderobe, men har også eit par dei brukar mest. Imelda Marcos, presidentfrua på Filippinene var jo kjent for å ha mange par sko, kan hende hadde ho tre tusen. Då måtte ho vel mest ha eit heilt anneks for å få plass til dei og ein skomakar til å halde dei i orden. Eg likar nok eit enklare liv.

Bokklubb

Share

Eg har vore medlem av Bokklubben i svært mange år, og bladet deira kjem ganske ofte. Dei vil gjerne ha meg til å få det på nett, men eg er så gammal at eg likar å bla gjennom det for å sjå bøkene dei vil selje meg. Som regel klarar eg å halde meg frå å kjøpe.

Det er Reidun glad for, men ho er medlem av Hobbyklubben og får også tilbod om bøker med oppskrifter på korleis ho kan lage fine ting. Ho klarar vel også som oftat å stå imot, men akkurat som eg likar ho å sjå i bladet før ho melder frå at den komande boka vil ho ikkje ha.

-Du bør melde deg ut av heile Bokklubben, er det mange som seier til meg. Enn så lenge har eg halde stand. No har det kome eit nytt blad med tilbod om boka Å overleve freden av Simon Stranger.  Den handlar om korleis livet er for ein som har vore soldat i Afghanistan etter at tenesta er ferdig og han kjem tilbake til Norge. Eg kjem ikkje til å kjøpe den heller, så i kveld avbestiller eg den.

-Du kan jo bare gå på biblioteket og  låne dei bøkene du vil ha, seier Margunn, ho er jo bibliotekar og slår eit slag for faget sitt. I sommer kom siste boka i serien om De syv søstrene, og den var det lang venteliste på i Mandal. Men så var vi ein tur i sommar og plutseleg fann vi boka på hylla i Bjelland, der dei har bok i butikk. Så då fekk eg den. Eg kunne levere den i Mandal, og dei sende truleg boka tilbake til Bjelland, i staden for å låne den ut att i Mandal og slik korte ventelista si.

I morgon skulle eg kanskje ta meg ein tur til Vigeland og sjå etter bøker i bruktbutikken der, sjølv om eg har mange uleste bøker i bokhylla. Men det spørs på veret, då.

Datasikring

Share

Eg er framleis noko nummen etter å ha opplevd det som sikkert er eit mareritt for mange, at Facebook blir overteke av ein annan person, slik eg skreiv om i går. I kveld var det tema for eitt av innslaga i sendinga i Valle Radio. Siri Johannessen snakka med Lars Erik Domaas frå Setesdal IKT om dette. Han kunne fortelje at det var eit stort problem som dei jobba med kvar dag, og bare minutt før han kom på lufta, hadde han fått same postinga på Facebook som så mange andre har fått i Setesdal.

Det var ein interessant samtale som jo var svært aktuell for meg, og dei framheva kor viktig det var med to-trinns pålogging på nettet, slik vi gjer det når vi loggar på banken. Det var også viktig å ha eit godt passord, gjerne eit langt, som ikkje så lett kan overtas. Det mest brukte passordet i verda er visst Start12345, men det er betre med ei setning enn slike korte passord. Eg skal ikkje skrive kva mitt nye passord er, men det er langt sikrare enn det eg hadde før, så takk til Helge som hjelpte med å løyse problemet. Andre må nok heller gå til slettmeg.no om ein ikkje har folk i familien som kan hjelpe.

Sjølv var eg og med i kveld, eg hadde ein halvtime med sangar relatert til bots- og bededag, sa litt om sangane mellom kvar sang eg fekk spelt. Desse stod på lista mi i kveld:

  1. For vår misgjerning ble han knustOdd Dubland syng sangen av Abraham Thompson
  2. Jeg vandrer min dagMarit & Irene syng sangen av Finn Emanuel Olsen
  3. Hos Gud er evig glede.
  4. Ikke en spurv til jorden. Rune Larsen syng
  5. O Jesus Krist jeg flyr til deg. Nidarosdomens guttekor

Hacccccking

Share

Det som i utgangspunktet var ein fredeleg måndag vart alt anna enn fredeleg då eg trykte på ei lenke på Facebook. Plutseleg var kontoen min hacka, og så fekk vennene mine same lenka. Ei følgde lenka lenger og enda opp med å få tappa bankkontoen for fleire tusen kroner. Ho melder saka til politiet i morgon, men må vel sjå langt etter å få att pengane sine.

Det heile gjekk langt over min forstand, så eg ringte til Helge for å få hjelp. Han kom meg til unnsetning og klarte å få bort dritten slik at eg kom meg tilbake, men eg bed om orsaking for alt bryderiet venene mine har fått på grunn av dette.

Siri endra programmet i Valle Radio slik at ho i morgon vil snakke med Setesdal IKT om datasikkerheit og datasikring. Det skjer klokka 19.30, så der er det programmet du kan lese i avisa i morgon, litt endra.

Tirsdag  26. oktober
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri
18.15 Andakt fra Norea Mediemisjon, ved Martin Birkedal
18.30 Sang og musikk med Roald Arnesen fra Norea, som kommer til Nomeland Bedehus kommende helg, og Harald Haugland
19.30 Timen med Ørnulf Hasla, og Aasmund Nordstoga som kommer til Ose kommende fredag.
20.30 Postludium ved Siri Johannessen, Bachs kantate, Aus der Tiefe rufe ich
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag  27. oktober

Teknikar: Jørund Georg Jore
18.00 Kommunestyremøte i Valle kommune

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Politiet har lagt ut denne meldinga

Vi har den siste tiden fått flere tips om at folk mottar meldinger fra det som ser ut til å være noen man er venner med på Facebook eller Instagram. I meldingen blir man bedt om å oppgi mobilnummeret sitt i forbindelse med en konkurranse der man kan vinne en premie. Deretter blir man bedt om å oppgi en kode man får på SMS.
Det som egentlig har skjedd er at mobilnummeret og koden har blitt brukt til å logge inn på kontoen din via tofaktorautensering. Videre kan den uvedkommende få tilgang til å endre passordet ditt, og logge deg ut av andre enheter. Da har du mistet kontroll over kontoen din, som deretter kan bli brukt videre til å lure andre.
💡Vær obs dersom du mottar melding fra venner som ber deg om telefonnummeret ditt, og å oppgi kode på SMS.
Er du i tvil om noen forsøker å lure deg, ta gjerne kontakt med oss i nettpatruljen👮

Orgelmusikk

Share

Valle Radio er vel den einaste radiostasjonen som kvar veke sender orgelmusikk på lufta. Av ein eller annan grunn er orgelet sett til side i kykjemusikken no for tida. I dag såg eg litt på svensk gudsteneste på svensk TV2, dei har det kvar sundag klokka 10, men i dag var det gospelmesse og ingen orgelmusikk, og når den elektroniske musikken endåtil vert fylgd av engelsk tekst, då stoppar eg.

Eg høyrde på ein samtale i NRK 2 i dag om korleis engelsk blir meir og meir brukt, folk skammar seg visst for å bruke morsmålet.

Musikk treng ikkje språk for å vere vakker, kormusikk med latinsk tekst kan klinge vidunderleg i eit kyrkjerom. Men om ein skal skjøne teksten, bør den vere på morsmålet. Om ein går på konsert med framandspråkleg tekst på det som vert framført, bør ein få tekstark.

Gjennom åra har vi hatt mange komponistar for orgel i radioen, men det er mange att, eg har ei diger bok A Dictionary of Organ Composers, den er på nesten 800 sider og ha omtale av 5000 komponistar, så det er mykje å ta av. Ein oversikt etter nasjonalitet syner om lag 130 norske komponistar som har skrive for orgel.

Tysdag er det igjen tid for Postludium i Valle Radio. Gled deg!

Santalmisjonshistorie

Share

I dag har eg bladd mykje i boka Santalmisjonens historie på misjonsmarken av Johannes Gausdal. Det vart til slutt ein artikkel på Wikipedia om boka, der er det Litteratur som er tema i Månedens konkurranse, så då kunne eg kombinere deltaking og skriving. Boka er frå 1937, misjonsarbeidet der starta i 1867, så det er 70 års arbeid samla mellom to permar. Her er artikkelen:

Santalmisjonens historie på misjonsmarken er en bok av Johannes Gausdal. Den kom ut på Santalmisjonens forlag i 1937 og var på 340 sider inndelt i tre avdelinger.

Første avdeling fra side 7 til 55 har tittelen Santalmisjonen som frimisjon. Her gjennomgår Gausdal årene fra 1867 til 1877 år for år.

Avdeling II omfatter side 56 til og med side 214 og går fram til 1910. Her er tittelen Luthersk kirkelig anerkjent pionermisjon.

Til sist kommer en liste over misjonærer gjennom de 70 år boken dekker, lokale personer ordinert til prester, statistikk over døpte, årlige gaveinntekter, navneregister og kart.

Gevinstar

Share

No er det så lenge sidan det har vore basar at ein har mest gløymt kor flott det er å kome heim med gevinstar. I kveld var Reidun på basar til inntekt for NMS på Kirkesenteret i Mandal, og sanneleg kom ho ikkje heim med gevinst.

Snart er det tid for jolemessa på Rysstad, Tallak Hoslemo har meldt på Facebook at ein kan kjøpe lodd via han, eg trur det var ti kroner loddet. I Mandal kosta årene 50 kroner for 5 nummer, så det blir jo ti kroner nummeret det også. Det er bare å melde seg til Tallak om ein vil ha vinnarsjansar på Rysstad i november.

Sjølv sat eg heime og såg litt på gullrekka, men så dukka eg ned i nokre av dei bøkene eg skreiv om i går. Ei av dei var så gammal at ho var falt i det fri, som det heiter og bøker som er på min alder og eldre. Kan hende skulle eg skrive noko frå den boka inn digitalt, eg får no sjå.

Her er spannet med Godis som Reidun kom heim med. Eg lurer på om det varer til jol.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.