Mimring

Share

Etter at Valle Radio fekk Kulturprisen for 2021, fekk eg spørsmål om kva tid vi starta opp med tysdagssendingar. Då måtte eg i tenkeboksen, men eg kom ikkje til noko resultat utan vidare. Men så fann Reidun nokre permar med program, og det fekk meg til  å mimre litt over alt vi har hatt i radioen.

Hugsar du at vi hadde eit fast munnharpeprogram. John Melhus var med meg i studio, av og til slo han sjølv på munnharpa, men vi hadde også Bjørgulv Straume sine plater og sikkert andre også.

På lista over programleiarar var Hallvard Kjelleberg, Theis Salvesen, Leonhard Jansen, Britta Lise Homme og Knut Nomeland i tillegg til meg.

På lista over teknikarar var Jørund Georg Jore, Kjetil Homme, Geir Olav Uppstad, Åge Nomeland, Inga Flateland  og Torleiv Haugen, medan Jan Roger Homme, Jan Oddvar Rysstad og Knut Inge Hovet hjelpte meg.

Til å ha andaktar på onsdagskveldane hadde vi Håvard Viki, Torleif Harstad og Bjørgulv T. Berg. Eg hadde med meg Pieter Leebeek og Niklos K. Besteland i Postludium, Norges einaste faste radioprogram med orgel- og kyrkjemusikk.

Og så var det mange telefonvakter: Torbjørg Hoftuft, Jorunn Lund Harstad, Johanna Solheim er namn eg hugsar frå den første tida. Men Gunvor Ruth Salvesen og Laila Homme var også med.

Leif Kvinlog fekk ansvar for CD-samlinga. I den tida var det jo ikkje Spotify, all musikken var på CD-plater eller kassettar. Ånund K. Homme hadde produsert mange kassettar med program då han budde på Sunnmøre. Vi fekk nokre av dei og kunne spele dei om vi mangla stoff av og til, det var Dansefoten eller frem fra glemselen. Ånund hadde ei veldig samling av EP-plater som han brukte når han laga kassettane, i kjellaren på Øvrevoll var ein lang vegg dekka av platehyller.

Nokon av medarbeidarane frå den tida er gått bort alt, men så har nye kome til. Siri Johannessen er som poteta, kan brukast til alt, og i radioen er ho både teknikar og programansvarleg både tysdagar og onsdagar. Frå scenen sa Ørnulf Hasla av vi var vel 30 medarbeidarar no, og det var vi vel då vi starta opp også. Dugnadsgleda har halde seg, og ved starten av kvar sesong hadde vi pizza på Motellet. I den seinare tid har det vore samlingar på Bergtun eller Sølvgarden for medarbeidarane.

Sjølv om eg har flytta til Mandal, gjer Internett at eg kan ha program frå stova her sør, så eg er framleis med i det gode selskapet og takkar hjarteleg for kulturprisen til Valle Radio. Eg kjem neppe til Valle for å ete bløtkake, men skal vere med i tankane og kan hende tek me eit kakestykke her sør også den dagen.

Åpne bilde