Substans

Share

Siri Johannessen sine program i Valle Radio har substans. Det gjeld både musikken og det talte ord. I kveld var eg med, eg skulle seie litt om historia til tysdagssendingane. Eg veit ikkje om det hadde så mykje substans, det vart vel helst spreidde minne etter innfallsmetoden. Men 25 år, som radioen feirar til neste år, burde i grunnen vere grunnlag for å dokumentere substans og god kvalitet i det som lyttarane har fått servert.

I Kvarteret fekk vi høyre  talen som Steinar Kyrvestad heldt då Valle Radio fekk kulturprisen. Ein slik tale skal ikkje vere for lang, så ordføraren fatta seg kort og nemde mest om dei siste åra, og særleg rollen radioen hadde ved 17. mai-feiringa dei to siste åra. Deretter kom ein ny andaktshaldar på lufta: Frank Vorhaug er forsamlingsleiar i Misjonshuset i Kristiansand og tidlegare misjonær. Det var også substans i hans forkynning.

Godt musikalsk skjøn og substans fekk vi både i sangtimen og i Postludium, det siste med to for meg heilt ukjende komponistar, der særleg den siste sin musikk fall godt i smaken min.

Før Siri tok telefonen til meg, snakka ho med Ingunn Røysland om basaren som skal vere på Flateland i Kulturveka. Det er ein misjonsbasar der linjene godt kan trekkast til kveldens andaktshaldar, som var misjonær i Tanzania, akkurat som Egil Grindland, som så ofte har vore på basaren i Oveinang i Kulturveka.

Substans over heile fjøla, spør du meg.