Ajour

Share

Eg hadde sakka akterut i å skrive inn overskriftene i Setesdølen. Mange nummer i oktober låg og venta på meg då eg i kveld med god hjelp frå Reidun tok meg på tak for å kome ajour att. Så ivrig var eg at eg ikkje reagerte då Reidun meinte at vi alt hadde skrive inn nr. 77. Ho hadde rett, som vanleg, den var skriven inn, men ikkje lagra av ein eller annan grunn. Den stod på ei fane eg ikkje har brukt på ei stund, og når noko er ute av auge, er det også ute av sinn.

Men no er vi i det minste ajour med overskriftene. Det er verre med bileta av førstesidene, der har eg vore slapp og ikkje lasta ned bileta etter kvart, så det står att ein ny innsats for å få dei på plass, om eg no får det. Og så er det jo mange røde lenker som må dekkast. I dag skreiv eg også inn nokre av dødsfalla i oktober, men fleire ventar der også, så om eg skreiv i overskrifta at eg er ajour, så er det bare tilsynelatande.

Heldigvis held Siri trutt og godt på og skriv om sendingane ho har ansvar for i Valle Radio, så vi har vel dekka det som skjer der ganske godt.

Og så er eg i det minste i gang att, så får vi sjå kva som kjem ut av det denne gongen, om det bare var ein raptus eller om det vil vare ved. Eg hadde også ein prat med Geir i dag, han meinte at når fotballtreningane no sluttar, ville han kunne skrive meir.

Det er dessverre alt for mange raude lenker ennå.