Nye bøker

Share

Eg skreiv Nye bøker, men dei er vel helst gamle. Den eldste er frå 1937 og den yngste er frå 1991. Eg hadde tinga dei frå Pilegrimen Antikvariat her i Mandal, det er Kjell Dahlene som driv det. Grunnen var at eg meinte at dei ville gje meir innhald til Setesdalswiki si dekning av kristenliv og misjon.

Av og til kjem det tankar om at eg heller skulle ha laga eit leksikon for kyrkje- og kristenliv enn å halde på med Setesdalswiki. Men eg har halde fast på å ha det saman, så får det våge seg. Leksikon av i dag er ikkje som i gamle dagar, då det var bøker og ein måtte helst ha eitt tema eller område i ei bok og så heller lage ein ny om ein ville ta opp andre tema. Med eit digitalt leksikon der ein kan ha lenker mellom artiklane, kan ein gjerne sause saman både hummer og kanari. Kvar artikkel står for seg, gjerne med ei foreldrelenke og ofte med lenker til andre artiklar.

Den yngste boka var Ordet i sentrum. Den handla om Bibelskolen i Oslo, kom ut i 1991 då skolen var 75 år. Den eldste boka var frå 1937 og heitte Santalmisjonens historie på misjonsmarken. Der var det mange misjonærbiografiar. Det var det også i  boka Misjonærer 1891-1941, som hadde biografiar om Kinamisjonen sine misjonærar.

Nå blir jobben å skrive biografiar i moderne språk basert på desse bøkene. Ein treng ikkje vere arbeidsledig om ein er pensjonist.