Bokklubb

Share

Eg har vore medlem av Bokklubben i svært mange år, og bladet deira kjem ganske ofte. Dei vil gjerne ha meg til å få det på nett, men eg er så gammal at eg likar å bla gjennom det for å sjå bøkene dei vil selje meg. Som regel klarar eg å halde meg frå å kjøpe.

Det er Reidun glad for, men ho er medlem av Hobbyklubben og får også tilbod om bøker med oppskrifter på korleis ho kan lage fine ting. Ho klarar vel også som oftat å stå imot, men akkurat som eg likar ho å sjå i bladet før ho melder frå at den komande boka vil ho ikkje ha.

-Du bør melde deg ut av heile Bokklubben, er det mange som seier til meg. Enn så lenge har eg halde stand. No har det kome eit nytt blad med tilbod om boka Å overleve freden av Simon Stranger.  Den handlar om korleis livet er for ein som har vore soldat i Afghanistan etter at tenesta er ferdig og han kjem tilbake til Norge. Eg kjem ikkje til å kjøpe den heller, så i kveld avbestiller eg den.

-Du kan jo bare gå på biblioteket og  låne dei bøkene du vil ha, seier Margunn, ho er jo bibliotekar og slår eit slag for faget sitt. I sommer kom siste boka i serien om De syv søstrene, og den var det lang venteliste på i Mandal. Men så var vi ein tur i sommar og plutseleg fann vi boka på hylla i Bjelland, der dei har bok i butikk. Så då fekk eg den. Eg kunne levere den i Mandal, og dei sende truleg boka tilbake til Bjelland, i staden for å låne den ut att i Mandal og slik korte ventelista si.

I morgon skulle eg kanskje ta meg ein tur til Vigeland og sjå etter bøker i bruktbutikken der, sjølv om eg har mange uleste bøker i bokhylla. Men det spørs på veret, då.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *