Kjeldesortering

Share

Alle driv for tida med kjeldesortering. Vi sorterer aviser i papiravfall, mat i matavfall, plast i plastavfall og resten i restavfall. Slik er det heime hos oss og slik var det på kontoret eg var på i går.

Frå ungane går i barnehagen lærer dei å sortere og mange barn er vel helst flinkare enn vaksne når dei skal kaste noko. Vi vaksne lurer oss nokre gonger til å kaste papir og plast i restavfallet. Eg meiner eg las at av og til undersøker selskapet som hentar avfallet vårt om vi fylgjer reglane og dersom det er for lite sortering, kan folk få melding om det.

Slik melding har vi aldri fått, og kvar veke om sommaren og annankvar veke om vinteren, så stiller vi opp dunken fint ved vegen slik at det skal vere lett for dei som er på søppelbilen å hente den. Skulle vi gløyme det ein vakker dag, det har hendt, så går sanneleg renovasjonsfolka opp og hentar den også.

Vi komposterer ikkje matavfall, men naboen vår gjer det, så i den husstanden er det bare ein liten dunk, vår er noko større. Etter det eg skjøner havnar alt som ikkje er matavfall i Kristiansand der det vert brent og vert til ny energi. Omnane der er visstnok umettelege.

Slik såg det ut på kontoret eg besøkte i går:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *