Manglande lenker

Share

I dag har eg undra meg på noko eg ikkje hadde tenkt på før. Eg fekk eit spørsmål om ein person som var død og som eg alt hadde artikkel om, men utan å ha fått med at ho var død. Til slutt måtte eg ringe og spørje, og då fekk eg svar og kunne skrive det inn på Setesdalswwiki.

Men kvifor hadde eg ikkje fått det med tidlegare. Etter kvart som eg leita synte det seg at eg hadde artikkel om henne utan mellombokstaven som var nytta i dødsannonsen. Verre var det at eg etter kvart oppdaga at på sidene mine om overskrifter i Setesdølen i 2021 såg det ut til å ikkje vere lenker i mange artiklar. Lenkene skal jo gje lesaren høve til å leite vidare i leksikonet, men i starten av dette året ser det ut til å ha svikta, eg har bare skrive inn overskriftene utan lenker. Eg må nok ta meg ein runde i morgon og så kva eg kan gjere for å fikse det.

Sendinga i Valle Radio i kveld var framleis sterkt prega av Kulturveka, difor skulle ikkje kommunedirektør Aud Sunniva Fuhr snakke så mykje om det. I staden snakka ho litt om innsamlingsaksjonen komande sundag, som er til Plan Norge sitt arbeid. Framleis mangla det nokre bøssebærarar, og folk som ville stille opp kunne vende seg til Malla i Velkomstsenteret, ho har ansvar for kommunal informasjon både på Facebook og elles.

Aud Sunniva Fuhr var også glad for at det hadde kome mange innspel til trafikktryggingsplanen som har vore ute på høyring. Det hadde også vore innbyggarworkshop med 40-50 deltakarar som hadde sagt si meining om både trafikk og andre saker.

I samarbeid med dei andre kommunane i Setesdal har Valle no fått ergoterapeut. Han er i Valle kvar tysdag og har kontor saman med fysioterapeuten. Ein treng inga tilvising frå lege for å ta kontakt, det er bare å ringe.

Dette var kveldens program. Eg måtte sende ein spesiell takk til Ronny for det flotte bluesprogrammet som avslutta kvelden.

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Aud Sunniva Fuhr, kommunedirektør Valle kommune
20.00 Lokal time:
– August Borgås frå August & Martin
Stein Roger Sordal om ny plate
– Gro Berit Straum og Harald Eivindson om bekymringsmestringskurs, for meir info og påmelding sjå: LMT Setesdal
21.00 Ronnys blå time med Ronny Stavsholt

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *