Orgelmusikk

Share

Valle Radio er vel den einaste radiostasjonen som kvar veke sender orgelmusikk på lufta. Av ein eller annan grunn er orgelet sett til side i kykjemusikken no for tida. I dag såg eg litt på svensk gudsteneste på svensk TV2, dei har det kvar sundag klokka 10, men i dag var det gospelmesse og ingen orgelmusikk, og når den elektroniske musikken endåtil vert fylgd av engelsk tekst, då stoppar eg.

Eg høyrde på ein samtale i NRK 2 i dag om korleis engelsk blir meir og meir brukt, folk skammar seg visst for å bruke morsmålet.

Musikk treng ikkje språk for å vere vakker, kormusikk med latinsk tekst kan klinge vidunderleg i eit kyrkjerom. Men om ein skal skjøne teksten, bør den vere på morsmålet. Om ein går på konsert med framandspråkleg tekst på det som vert framført, bør ein få tekstark.

Gjennom åra har vi hatt mange komponistar for orgel i radioen, men det er mange att, eg har ei diger bok A Dictionary of Organ Composers, den er på nesten 800 sider og ha omtale av 5000 komponistar, så det er mykje å ta av. Ein oversikt etter nasjonalitet syner om lag 130 norske komponistar som har skrive for orgel.

Tysdag er det igjen tid for Postludium i Valle Radio. Gled deg!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *