Vegarbeid

Share

Du verden som dei jobbar for å få Gul stripe til Hovden. På turen vår til Valle i dag ville eg sjå ved sjølvsyn det eg har høyrt og lese om i Setesdølen.

Eg tenkte å kjøre slik eg brukte medan eg jobba i Valle, då tok eg turen opp gjennom Mandalen og ned gjekk det Kristiansandsvegen til Vehus, og så over til Stokkeland i Songdalen, ned til Brennåsen og heim. Slik vart det også.

Men frå Evje og nordover var det mykje vegarbeid. Det starta med rundkjøringa ved utkjøringa frå Evjemoen. Den blir nok fin. Sidan var det mykje trafikklys og mykje arbeid i gang oppover. Det er kantane som skal bli breiare slik at risikoen for å treffe fjell om ein skulle hamne utfor vegen, vert mindre.

Kan være et bilde av natur, vei og tekst som sier 'Ved rodt lys stopp her'

Sjølv om det etter kvart vil kome sjølvkjørande bilar, vil det nok i dei næraste åra trengjast manuell styring, og då kan mangt og mykje distrahere slik at ein er uheldig.

Min bil har ein funksjon som gjer at han hyler når eg kjem på den gule stripa til Hovden eller på den kvite stripa på høgre sida, den går vel også til Hovden. Kva den gjer om eg kjem på den kvite stripa på venstre side av vegen har heldigvis ikkje prøvd ut, og eg vonar eg slepp å gjere det også.

Arbeidet synte at det er mykje stein langs vegen. Maskinar lyfta vekk tunge sprengningsmatter etter ein salve, svinga dei opp i lufta og la dei i vegkanten, og så var det å reinske vekk steinen. Eg reknar med at den vart kjørt til eit knuseverk ein stad og så kunne den kome tilbake som grus og fyllmasse etter kvart.

Og så lurer eg på om det var Kjell Ingolf som hadde snakka med Knut Arild Hareide om at Agder trong nokre millionar for å få ein betre veg for alle frå kysten som vil til Hovden på tur, dei reiser heile året, og mange ventar ikkje til fredag, men dreg oppover torsdag kveld. For då vi kjørte nedover, var det lange rekker med bilar som var på veg oppover.

På Evje var det Heilt Vilt denne veka, så vi tenkte at vi skulle handle nokre gode tilbod. Men Lars Kile hadde ikkje rett storleik, så handelen vart mager. Heidi Ose på Spisekroken hadde derimot rette godsaker, så lunsjen vart både grov og fin sjølv om dokøen var lang.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *