Fajansen

Share

Fajansen på Figgjo er visst 80 år. Etter det eg les på Facebook var det ein stor reportasje i Aftenbladet om dette i dag.

Far begynte å jobbe på Fajansen ein gong på 1950-talet, og var på kontor der til han vart pensjonist. Ein gong fekk han eit ølkrus, men alle visste jo at far ikkje akkurat var nokon ølhund, for å seie det forsiktig, så dei laga ein spesiell dekor på det: Haugland, drikk melk, din lange stelk.

Det var mykje humor på arbeidsplassen i den tida, og far samla nokre av sogene frå fabrikken i eit par små bøker, Muntre minner. Kan hende eg skal prøve å finne dei og dele noko frå dei her på bloggen ein gong.

Sjølv hadde eg sommarjobb på Fajansen nokre år og skrubba og malte tankar innvendig så vel som pussa hotellporselen før det skulle glaserast. Også Reidun jobba litt på Fajansen då vi var nygifte, ho var i dekoren og sette bilder på gjenstander før dei skulle bli glaserte.

Framleis ser vi under koppar og fat når vi kjem på ein stad vi skal ha mat for å finne ut om dei er laga på Figgjo, det verkar som om Figgjo er gått i blodet vårt og blitt verande der, sjølv om vi nok også har servise frå andre produsentar også. Det har gjerne kome til hus ved eit uhell, trur eg. For helst skulle det vi hadde vere handla hos Johan i Buå, der fekk vi rabatt fordi far jobba i bedrifta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *