Heime igjen

Share

I kveld kom Reidun heim igjen etter ei langhelg på Vigra der Johannes vart døypt sundag. Eg tok turen til Kjevik for å hente henne. På turen innover i femtida var jo stor trafikk, og eg tenkte med glede på at neste år på denne tid har vi truleg heilt ny veg.

På denne tida var det mykje trafikk på Kjevik, men eg fann meg ein plass like utanfor ankomsthallen og kunne sjå på drosjebilar både frå Kristiansand Taxi, Ridel og eit anna selskap eg ikkje hugsar namnet på.

Heimturen var våtare enn turen innover, det verka som om det var jamt regn heile vegen. Difor var eg glad då eg kunne svinge inn på Tregdeveien og kome inn heime. Snart hadde Reidun svinga steikepanna og laga speilegg til kveldsmat, seinare var det turre blomar som fekk kjærkome vatn.

Sjølv om ein kan lese aviser på nett, er det godt å bla gjennom papiravisene også, så medan vi småprata utover kvelden, fekk dei sin gjennomgang før lyset vart sløkt. Heimkomen etter reise er ein altid litt trøytt, så det vart ein tidleg kveld i kveld.

Kan være et bilde av 2 personer, folk som står og gate

Mens vi ventar……

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *