Hermundmedisin

Share

Bror min, Hermund Haugland på Ålgård har klokkartru på aloe vera som medisin, eller rettare sagt, som kosttilskot. Ein shot med juice kvar morgon skal halde systemet i orden inne, og krem med aloe vera veit jo alle fungerer godt for hudpleie. Søstrene mine trur ikkje så mykje på det han hevdar, men eg har handla med han og funne at det fungerer for meg både utvortes og innvendig.

No var det tid for å handle att, og eg tok ein telefon for å få ny forsyning når svoger Gaute skal feire 70 årsdag i morgon. Sjølv har eg vald å ikkje reise, men søster min skal dit, og då kan ho ta det med sørover, og så får eg det når vi møtest ein gong nærare jul.

Eg lo litt og spurte om det ikkje var noko anna han ville selje meg, og då meinte han at eg godt kunne ha bruk for ei dusjsåpe også, så no får eg nok mjuk og skinande hud, plent som på TV-reklamen, sjølv om den ikkje handlar om aloe vera.

Min farfar var kremmar, han handla både med hus, han budde i fleire hus rundt om på Ålgård då far vaks opp, han handla også med hestar og var på marknad i Stavanger. Der hanla han også med klokker, bytte bort ei og fekk to tilbake, bytta bort dei og fekk tre tilbake og så vidare. Eg trur han hadde vona at son hans også skulle vere kremmar, men sjølv om han var god med tall og prøvde seg som handelsmann ein periode, likte han betre å vere lønnsmottakar og søndagsskolelærar enn å få løna si via handel. Handlegenet kom ikkje til meg heller, men Hermund har truleg fått litt av det, i alle fall får han meg til å kjøpe varene sine.

Sjølv vart eg lærar, det far min sikkert ønska å vere, men eg hadde nok likt betre å vere journalist og skrive sjølv enn å vere lærar og prøve å få andre til å skrive.. Men no har eg bloggen og kan skrive så mykje eg vil på den og på Setesdalswiki. Og når eg får min dose med Hermundmedisin, så fungerer det rimeleg godt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *