Kalender

Share

Kvart år plar vi lage ein kalender for familien. Det er Sigmund og Margaret som står for jobben og no har vi fått melding om at dei ville ha bilder. Eg fann ganske mange som eg sendte til dei, så spørs det om nokon blir funne høvelege til ein kalender.

Men då eg såg gjennom bilda eg har teke i løpet av året, fann eg ut at det var ganske mange fleire enn eg hadde trudd, og sanneleg har vi vore med på litt av kvart. Det er fint med ei slik påminning om det som ein har vore med på, ein burde nok oftare sjekke gode minne.

Historielag og andre lag har også kalenderprosjekt. Her i Mandal lagar dei ein Mandalskalender og i Valle er det bygdekvinnelaget som lagar kalender. I Bykle startar dei og tidleg å etterlyse bilder til kalenderen sin, så det er sikkert ikkje mangel på gode initiativ i dei fleste bygdene. Kalenderane genererer gode pengar til mange formål.

Ofte kan ein minnast om historier som mest var gløymde når eit kalenderbilde dukkar opp. Nokre kalenderar kan bli som ei lita årbok med tekst og bilde, og nokre tek prosjektet på alvor og utvider det til årbøker. Eit problem er jo å halde det innanfor ei kostnadsramme som gjer at folk ser seg råd til å kjøpe det ferdige produktet.

Eg tvilar likevel på om Setesdalswiki kjem til å lage kalender for salg. Men om du vil nytte stoff frå Setesdalswiki til din eigen kalender, står du fritt til det.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *