Nytt hundretal

Share

I overgangen mellom oktober og november vart det også overgang til nytt hundretal på Setesdalswiki. No har vi 93707 artiklar, så vi er på god veg mot neste mål. No i november har vi også fått nokre aktive unge skribentar som har registrert seg og skrive litt. Dei har sikkert hatt det litt moro medan dei heldt på også, for Møglestu vidaregåande skule har dei kalla Møgle fengsel då dei oppretta artikkelen. Men innhaldet er godt, det er bare overskrifta som ikkje er leksikalsk. Men det kan vi nok endre.

I dag fekk eg lagt inn dei to avisene som kom denne veka. Der vart det nokre røde lenker som eg kanskje kan skrive om framover, men elles er det jo mykje å ta fatt på. Då vi var til Valle for nokre veker sidan, var eg innom hos Reidar Tveito og fekk dei siste bøkene hans, og der er det også noko eg kunne fått inn på Setesdalswiki.

Men i morgon blir det ein tur til Kjevik. Reidun vil til Ålesund, Sigmund sin familie skal feire barnedåp for Johannes, vårt yngste barnebarn. Ho har alt sendt bunaden oppover, så det blir nok ein festdag i feststas. Vi treng litt festivitas i november, det er jo ein mørk månad, men eg blir heime og held katten med selskap.

No håpar eg at det ikkje blir glatt, for vegen her vart salta i kveld. Det får meg til å tenkje på reklamen i Valle Radio; Kjører du på salta vegar og bilen din treng antirustbehandling, så har vi Tektyl, det beste som finst på marknaden, kom innom på Evje Auto, vi hjelper deg med det meste.

Men det blir ingen tur til Evje Auto i morgon, bare til Kjevik for meg.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *