Reiserekningar

Share

Reiserekningar er ikkje enkelt, sjølv på Stortinget strevar dei med alt slikt som skal refunderast når valde folk har vore ute på valkamp eller andre reiser rundt om i landet. Om nokon betalar reisa for dei, må dei likevel oppgje det, for det skal dei skatte for, om dei betalar sjølv, skal dei få det att.

Men når reisa er innanfor ein ring på 40 km rundt Oslo, då skal dei ikkje få pengar om dei bur der og skal på møte på Stortinget, bur dei utanfor, kan dei få pendlarbustad, den er også fri. Ikkje rart at det må setjast ned eit utval for å sjå på sakene som har kome opp i det siste, for ein må minsta ha økonomiutdanning for å forstå dei mange reglane, og dei færraste på Stortinget har det. Problema finn ein visst i alle partia, dei stiller likt i så måte.

I kveld såg vi alvorlege menn og kvinner på TV, mange har mykje å tenke på og mange lurer sikkert på om dei har fått for mykje eller for lite refundert for reisene sine.

Reidun meiner at eg nok fekk for lite refundert for reisene mine då eg hadde høve til å skrive reiserekningar, for eg rota bort kvitteringane for bussreiser då eg brukte buss, og for ferjer då eg brukte ferje, så det var godt eg slutta med slikt. Ein prest eg kjende ba om å få eit fast beløp for alle reiser han gjorde, beløpet vart stipulert og så var både kommunen og han nøgde. Han gjekk sikkert i underskot, han og, men det fekk så vere, meinte han. -Eg kan ikkje tenke på kilometerstand og tenestebruk eller privat bruk når eg skal ut med dødsbodskap eller i sjelesorg eller på butikken eller fotballkamp eller kva det no er eg skal gjere, meinte han.

Sjølv er eg sjeleglad for at eg ikkje lenger skriv reiserekningar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *