Ta ein telefon

Share

Valborg Nomeland oppfordra i dag oss som les innlegga hennar om å ta ein telefon til ein du ikkje har ringt til på lenge. Eg spurde Reidun og ho og eg hadde same tanken om det, det var på tide å ringe til ho som var husmor då vi var på Hadsel Folkehøyskole, Ida Opgård. Ho bur i Tverrelvdalen i Alta, men ved å slå nummeret på telefonen vart vi kopla saman på få sekund. Det er nesten magisk.

I Alta hadde det vore så kaldt at det slapset som hadde kome, var blitt til is, så det var glatt og ein måtte ferdast forsiktig om ein skulle ut. Men med pigg på krykka og gode sko hadde det gått greitt for henne. Ho hadde bursdag i oktober, og då hadde ho reist til dattera i Oslo og vore der i eit par veker og feira dagen saman med familie.

Og så oppdaterte vi kvarandre på laust og fast, mest om familie denne gongen. Det vart ein hyggeleg samtale, så takk til Valborg som minna oss om at det er viktig å ta ein telefon og halde kontakt med gamle vener.

I morgon er det igjen sending i Valle Radio. Eg sende denne meldinga til Setesdølen i dag:

Det er mykje variert i Valle Radio denne veka. I kveld vil Siri Johannessen snakke med Stine Kocian om demens og Tor Hallvard Mosdøl om Bykle Næringslag. Onsdagskvelden fortel Else Gyro Rysstad til Harald Haugland om Hovdenrevyen Siste stikk som hadde premiere i helga og skal ha nye framsyningar komande helg. I tillegg får vi høyre Ørnulf Hasla i samtale med Marianne Berg om potetboka ho har gjeve ut før det blir Opi sending og høve til å løyser rebusar og vinne gåvekort.

I dag la eg ut dette bildet på Facebook. Men eg trur det hamna ein stad der få kan sjå det, Facebook er litt lunefull nokre gonger.

Teksten var slik: Ei gryte med gull, kanskje på Tofteveien eller ved Øygardsfjellet vårt. Men graving får arvingane ta seg av, eg har gullet mitt ved sida av meg her i stova 😄

Kan være et bilde av natur

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *