Takk for dagen og livet

Share

I kveld får Geir Daasvatn ordet på bloggen. Innlegget hentar eg frå Facebooksida hans, der han skreiv i dag:

Eg reknar meg som ganske ressurssterk, eg har eit ukueleg positivt syn på tilværet (håpar eg), eg er vant til og likar ein enkel levestil og treng ikkje så mykje for å vere glad og eg har verdas beste og vakraste kjærast for meg (eg håpar alle tykkjer nettopp deira kjærast er den aller beste!). Å vere uføretrygda er leit, men gir også ein slags fridom. Då eg begynte å tumle med desse tankane då eg stod opp, trengte eg ikkje å gå på jobb men kunne hive meg på sykkelen og kose meg med ein fin morgontur langs kjente vegar i heimbygda. Før regnet (snøen??) som er på veg dukkar opp. At fribeløpet eg kan tene på vanleg arbeid før trygda blir redusert truleg blir null frå 2022, kan eg leve med. Mitt «arbeid» er å skrive og lage bøker. Eg betaler alle utgifter sjølv. Når dei er trekte frå i inntektene, er nettoen heilt sikkert langt ned mot null uansett. Kanskje helst i minus 😁 Om straumprisen skulle bli heilt vill i åra som kjem, er det ein siste utveg å bytte ut det store og gamle huset heime med ein liten bustad. «Klimakrisa» som nokon meiner ikkje finst ser eg på som heilt reell og verkeleg farleg for oss menneske, om me ikkje tar grep om utviklinga dei neste tiåra. Men verknadane blir uansett truleg ikkje frykteleg dramatiske for oss her i Norge med det første. Me har både økonomiske føresetnadar og ein natur som gjer at me kan takle det som kjem rimeleg bra, vil eg tru. Det er mange, mange andre i verda som vil få mykje meir dramatisk endra liva sine til det verre enn oss. Når det gjeld avfolking og nedgangstider i Bygland og Valle, er eg heller ikkje så veldig bekymra. Seinast for eit par dagar sidan blei Margit Dale på Systog Dale i Valle tildelt ein høgthengande bedriftsutviklingspris frå Innovasjon Norge. Det er mange slike ressursterke og initiativrike menneske i Setesdal. Tenk bare på JA-mannen Knut H. Rysstad på Rysstad eller hotelldirektøren Bjørn Erling Auestad med alt hans pågangsmot. Det er sjølvsagt store utfordringar framføre både valldølane og byglendingane, og oss i E & H og Bykle også. Men menneska er den viktigaste ressursen i eit samfunn, og me har flust av dyktige folk som kan ta tak i situasjonen og drive bygdene våre framover saman med resten av oss innbyggarar. Eg føler meg viss på at Setesdal har ei framtid, og ei GOD framtid. Me må bare brette opp ermane og jobbe vidare med å forme ho!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *