Til Kjevik

Share

I dag var det tid for Reidun å dra til Ålesund i barnedåp. Eg var sjåfør og hadde ikkje fått på vinterdekk på bilen, noko eg lurte på om eg burde ha gjort då eg i nyhetene høyrde at det var glatt og utforkjøringar aust i Agder. Bilen var overfrosen og måtte tinast opp før vi reiste, men Tregdeveien var ikkje glatt.

Denne gongen var det lett å kome ut på E39, der vi ofte må stå og vente, og turen austover gjekk fint, sjølv om sola var svært låg. Dermed var vi på Kjevik alt klokka halv ti, siste innsjekking for Reidun var klokka ti over ti, så ho hadde god tid. Eg sette henne bare av og tok fatt på heimvegen, men då eg kom til Hånes, svinga eg opp mot Texaco-stasjonen der. Eg tenkte vel kanskje å fylle på tanken, men ombestemte meg og kjørte inn på ein liten sideveg i staden. Der såg eg eit bygg som eg tok bilde av utan å finne ut kva det var.

På turen heim skya det over og vel heime helsa katten meg velkomen tilbake, for han ville ut. Så låg avisene og venta på meg, det er helst for mykje lesestoff om ein skal få med seg alt.

I kveld ringte Reidun og fortalde om flyturen via Oslo til Ålesund. Stein har også sendt meg nokre bilder som syner at barnebarna våre likar å spele Rummikubb og at Reidun kosar seg med vesle Johannes på fanget. Så då kan eg vel bare takke for dagen og seie god natt, eg også.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *