Nyttår

Share

Så skal vi snu om kalenderen og helse eit nytt år velkomen. Her på Eskeland skjer det med knall og bang rundt oss, men vi har aldri vore av dei som sender hundrelappane til himmels på den måten. Vi har ein stille kveld i stova etter å ha hatt eit godt  taco-måltid tidlegare i kveld. Etter å ha sett litt på Kongeleg variete på NRK, skrudde vi av, stilte spørsmål frå quiz i dagens aviser. Eg sender helsing med Sangbokens nr. 652, nyttår har bare to nummer i Sangboken.

Gamleåret seig i hav,
siste dag i dauden bleikna;
men i aust det atter kveikna
nyfødd sol sto opp av grav.
Ljoset fram or mørkret stiger
som på fyrste skapingsdag.
Sol og dag er fødd til siger,
mørkret dømd til nederlag-

Godt nytt år!

 

Årsoppgjer

Share

I kveld skreiv eg ein liten artikkel om Et barn er født i Betlehem, og det vart artikkel nr. 94 000. Dermed runda vi eit nytt tusental i same slengen. Sist gong vi gjorde det var for eit år sidan. Det betyr at produksjonen av nye artiklar har gått tregare enn før, i 2021 vart det bare 1000 nye artiklar. Når det gjeld sidevisningar, ligg det på eit snitt på 525 dagleg, så det er folk som har nytte av det vi held på med. Det bør gje pågangsmot for eit nytt år.

For eg lagar jo Setesdalswiki for at det skal vere til nytte. Eg har etter kvart skrive meir om kyrkje og kristenliv, og ikkje bare i Setesdal, for det stoffet knytter saman heile landet og femner langt ut over grensene til Norge. Både misjonærar og predikantar og prestar og organistar kan det vere vanskeleg å finne biografisk informasjon om. Så det må bli prioritert i året som kjem. Og Sangboken har 8-900 nummer, så det kan bli ein del artiklar bare av dette. Kan hende sprengjer vi alle rekordane i året som kjem. Det er jo lov å håpe.

 

Klargjering

Share

I dag var det tid for å klargjere Setesdalswiki for eit nytt år. Då måtte eg ha hjelp av Helge, han bytta i venstre marg, slik at no står det 2021 og 2022 der.

Enno har vi ikkje fått nokre datoartiklar for det komande året, for koronasituasjonen gjer at jolefestar og andre arrangement som tradisjonelt var lagde til nyåret, nok helst blir avlyste. Så blir det bare dei arrangementa som ikkje kan avlysast, som blir gjennomførte, som gravferder mellom anna. Ein stad las eg at minnesamvær vil bli når situasjonen gjer det mogleg.

I romjola er det blitt vanleg å sjå på sjakk, i år er det frå Warszawa der Magnus Carlsen knivar om å vinne ei årsløn i WM og der mange kjempar for å rive han ned frå trona si. Eg synest det er spennande, sjølv om det er mange år sidan eg sjølv spelte sjakk. Dei som driv med dette har verkeleg stått på for å vere klar til arrangementet, der er det ikkje tale om å ha ei roleg jolehelg.

 

Lokal litteratur

Share

I dag fekk vi seks nye artiklar på Setesdalswiki. To var om avisene som kom i veka før jul, to var frå Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980,  Den boka er ei gullgruve for å skrive artiklar om folkemusikken i Setesdal, og no som det er UNESCO-status på den, bør vi få mange artiklar om musikarane som har gjort at vi har fått statusen.

I ein slik situasjon er lokal litteratur viktig, og Geir, som skreiv artiklane frå boka, har skaffa seg eit stort tilfang av slike bøker. Det er ikkje unaturleg når vi les artikkelen han publiserte i dag: Glad i Setesdal. Etter kvart som aksjonsradiusen hans utvida seg oppover i dalen, fann han meir og meir å skrive om, og jo meir var det som gav grunnlag for kjensla av glede over arv og miljø.

Eg brukar å sjå gjennom eposten eg frå når Wangsmo Antikvariat har laga ny bokliste, og spesielt når det er Agder som er eit av emna. Men det er ikkje så ofte eg endar opp med å kjøpe noko. Eg er kanskje litt gnien, men bokhyllene mine er så fulle at eg kan ikkje kjøpe noko som ikkje er svært mykje til nytte.

Heldigvis er det mange som skriv lokal litteratur, og eg las i avisa at det var det mest populære som julegåver. Så får ein håpe at skrivelysten held seg.

Gamle julesangar

Share

Eg har eit lite mål om å skrive små artiklar om alle julesangane i Sangboken. Det slår meg at sangane er gamle, ofte frå midt på 1800-talet. Jakob Sande sin sang, Det lyser i stille grender, er eit unntak, men også den er 90 år gammal, skriven ein sommardag i 1931.

Kan hende skuldasst det den individualiseringa vi har sett i samfunnet, no skal sangar vere for solistisk bruk og ikkje for fellessang. I Vårt Land har det no i desember gått ein debatt om sangen Tenn lys, for ei gruppe som framførte den i TV, endra innhaldet utan å spørje forfattaren om lov, og dette var ein ny sang der opphavsretten ikkje var borte. Om dei hadde spurt om å få endre sangen, ville han svart nei, blei det sagt. Dei burde vel heller brukt ein julesang som var falt i det fri, eller adventssang, for det var jo i samband med advent desse programma skulle synast.

Om dei hadde prøvd seg på Gjør døren høy, ville det nok ikkje blitt nokon debatt og dei kunne skrive slik

Gjør døren høy, gjør porten vid/ nå kommer folk i flokker hit/ fra fjerne land til Norges kyst/ for her er livet lett og lyst.

Her lever vi i sus og dus/ vi drikker øl og tygger snus, / Vi har det fett i Norges land/ og lever livet, alle mann.

Den allusjonen til adventssalma ville neppe noen kalt brot på åndsverkloven, den salma er falt i det fri og kan maltrakterast av kven som helst. Men ein slik versjon ville neppe blitt folkeeige, snarare ein ironisk kuriositet. Eg trur eg stoppar her for i kveld.

Mange døde

Share

I jula har Geir leita fram ei bok om gruvehistoria på Evje. Når eg les det han har skrive, slår det meg at det var mange som døde som følgje av ulukker i gruva. I dag hadde det nok blitt sett ned kommisjonar som skulle oppklare årsakene til ulukka, men slik var det ikkje for hundre år sidan. Då var det bare å gå på vidare.

Det same gjaldt nok ikkje bare i gruveindustrien, Dei som dreiv på havet opplevde nok sikkert også at ein kollega i notlaget kom bort, og ofte hadde ikkje dei etterletne ei grav å gå til.

Elias Blix kjente dette livet og skreiv songen Gud signe vårt folk der dei siglar og ror. Det var nok viktig å ha Guds signing med seg når folk drog på Lofoten eller kor det no skulle vere dei fann slikt arbeid. Den indre Sjømannsmisjon, der eg hadde fire år som redaktør av Fiskerens Venn og seinare 15 år som rektor på Hadsel folkehøyskole, som dei var medeigarar i, oppstod nettopp for å ivareta liv og helse og å forkynne evangeliet til fiskarar og sjøfolk i Norge.

No sveipar koronapandemien over verda med mange døde i mange land. Så langt har vi i Norge sluppe lett unna, takka vere statlege  tiltak som nedstenging og vaksinering. Og sjølv om nedstenginga har vore brysam, er det ein liten pris å betale for å sleppe overfylte sjukehus og massegraver.

 

 

 

Puslespel

Share

Tradisjonen tru er det eit puslespel mellom dei andre gåvene til jul. Dermed blir1. juledag ein dag med pusling for dei i huset som likar det. Eg er ikkje der, men Reidun og dei andre likar det. Så når middag og middagskvil er over, når Dagsrevy og Året med kongefamilien har passert, då er det tid for pusling.

I år var det ei intrikat teikning med mange folk som var motivet. Det var nok lettare enn fjorårets, der ein tredel av motivet var blå himmel, Men å pusle tusen bitar på ein kveld, det går ikkje, dei må nok ha meir tid enn som så. Margunn og Stein fekk eit puslespel med 3000 bitar, men det tek dei med heim og kan kose seg med når dei ikkje har anna på timeplanen, som for ein pensjonist verkar rimeleg full.

Vi fekk med oss Julotta på STV2 klokka 10 og der var det fullt hus, men med avstand mellom folka. Nidarosdomen klokka 11 hadde flott musikk, men ikkje mange folk, At det bare er lov å ha eit fåtall på gudsteneste i den store katedralen, det er eit paradoks. Det peika også biskop Veiteberg på i eit innslag på Dagsrevyen, for kjøpesenter, pubar og andre serveringsstader får ha ope og mest vanleg drift. Espen Rostrup Nakstad meinte at Helsedirektoratet ikkje sette grenser på utandørs servering, men eg er ikkje sikker på om dei sat ute i ti minusgrader, som det jo har vore i Sør-Norge no.

Til ettermiddagskaffi var dei turre kakene bytta ut med bløtkake.

Kan være et bilde av dessert og innendørs

Nedstengt

Share

Også dette året måtte vi feire jul i eit samfunn prega av koronarestriksjonar. Det var rart å sjå den store Nidarosdomen, der det skulle vore 1200 menneske, bare ha ei handfull i benkene. Likevel ljoma sangen under kvelvingen.

Her i stova var vi fem vaksne som gledde oss over fellesskap, god mat og gåver både til undring og smil. Og sjølv om vi underheldt kvarandre med quiz og høgtlesing, stemmer det som eg las i ei avis nyleg at mobiltelefonen alltid var nær og plutseleg var ein av oss, snart den ein og snart den andre, over i ei anna stove eller kor det no måtte vere for å fylgje med på kva som skjedde, kva folk la ut i ulike grupper dei var med i.

Eg las ei fortelling av Ajax, vi plar like desse Stavangerhistoriene, og på nettet fann Margunn ei der Claes Gill las opp. Han kunne sanneleg Stavanger-dialekten også.

Så var det å rydde bort gåvepapir og anna slik at huset ser nokonlunde ryddig ut når vi står opp i morgon.

 

Ny veg

Share

I dag opna ein parsell av ny E39 mellom Mandal og Kristiansand. Eg hadde ein avtale om å prøve nye sko hos Blanchford i Sørlandsparken klokka 10, og då vi var på heimveg noko over 11, såg vi at det var endring på gang. Truleg kunne vi kjørt på den nye parsellen då, men vi skjøna ikkje heilt kva det var, så Helge og eg valde gamlevegen. Men seinare i ettermiddag tok Helge ein tur til Mandal for å vaske bilen, og då fekk han prøvd nyvegen med 110 km fartsgrense. Bomfri skal han også vere i alle fall til nyttår, kan hende lenger også.

Det fører neppe til noko rush av reiser, for Helsestyresmaktene seier at vi må droppe joleselskap og slikt for ikkje å spreie den nye varianten Omikron-viruset. Vi ventar likevel Margunn og Stein i morgon for å feire jul saman. I kveld snakka vi også på Skype med familien på Valderøya og ønska dei god jol.

På Setesdalswiki har Geir funne vegen ned i Flåt gruve og legg ut fleire artiklar om den, medan eg har leita fram stoff om julesangar.

Kan være et bilde av 3 personer og folk som står

Fatt mot

Share

Andaktshaldaren i Valle Radio siterte frå ei Brorson-salme og sa: Fatt mot. Men eg fylgde ikkje så godt med før dette, så eg fekk ikkje med meg salma. Men etter litt googling, fann eg henne:

Nu da til lykke
Med kampen, kristen sjel!
Dig intet trykke,
Her er Immanuel!
Gå fri i sinde,
Ti Jesus med dig går;
Fatt mot å vinne,
Det alt på troen står;
La Satan finne
Hvad Kristi kraft formår!

I den aktuelle timen hadde Siri Johannessen desse gjester og tema:

Else Gyro er vikar-kyrkjeverje i Bykle dette året og fekk ein ny koronarunde i fanget. Det blir ikkje mykje kyrkjegang i år heller, men kyrkjene er opne om nokon vil ha ei stille stund med litt musikk.

Margit Dale var endåtil i studio i samtalen med Siri. Det vart ein variert samtale om korleis ho overtok garden Systog Dale og endra heile konseptet frå tradisjonell drift til at ho endåtil har slutta med sauer for å konsentere seg om å halde kurs i matlaging med basis i naturen, gi ut bøker om matlaging og bli ein mangesyslar med eigen matblogg, TV-program og endåtil kunne leve av det saman med mannen sin,

Til slutt fekk vi eit gjenhøyr av 9 lesingar og sangar frå i fjor, og det var godt å kunne avslutte med eit så fint program.