Restriksjonar

Share

Koronapandemien legg framleis restriksjonar på oss sjølv om svært mange er vaksinerte. Mange kjem kanskje ikkje heim til jul fordi dei er i land som har fått restriksjonar når det gjeld flytrafikk til Norge. Vårt barnebarn Kristine som går på skule i Eswatini var heldig og kom heim dagen før det ikkje lenger var lov å reise frå landet.

I dagens Vårt Land var det ein artikkel, Oljefond-eigd mobilselskap stengjer ned Internett, og den handla om situasjonen i Eswatini, der kongen (som har 15 koner) stengde Internett for å hindre å spreie informasjon om korona.

Her i landet er det no fleire byar som krev munnbind på offentleg stad når ein ikkje kan halde avstand, og vi såg på TV i dag at mange hadde maske i gravferda til Kim Friele. Då blir salmesangen deretter.

Vi hadde planar om å gå på konsert med Sveinung Hølmebakk denne veka, men vi la restriksjonar på oss sjølv og sa at vi vil ikkje utsetje oss for den risikoen det er å gå dit. Korkonserten i Mandal kirke sundgskvelden vart avlyst, det var ein konsert der mange kor er saman. Smitterisikoen er verre med sang, elles er jo sang helsefremjande.

Eg skreiv i går om misjonærar som reiste til Kina. Dei utsette seg også for risiko og møtte restriksjonar når dei ville forkynne evangeliet. Heldigvis er det ikkje blitt slike restriksjonar her i landet, så om koronapandemien brenn ut, vil ein framleis kunne samlast til konsertar og gudstenester utan restriksjonar.