Trafikk, arbeid og fritid

Share

I kveld var elevar på Valle skule i Valle Radio og fortalde om faget Arbeidslivsfag. Frøydis Henriksen Junge er lærar og ho hadde med seg elevar frå fleire klassetrinn som fortalde om kva dei held på med. Eg fekk assosiasjonar tilbake til den tida eg hadde ein post som eg kalla Pedagogisk forum i radioen. For her fortalde elevane og læraren om eit fag dei likte godt. Dei laga ulike produkt som dei skulle selje på ei messe i Sæbyggjen 10. desember. Inntektene skulle gå til nytt utstyr i faget eller kanskje til ein tur til Syrtveit, det var litt uvisst. Men dei vona at mange kom innom på messa og handla, prisane var rimelege, så her kunne ein få jolegåve utan å tøme lommeboka.

Karl Sigurd Fredriksen fortalde om arbeidet som er gjort for å få ein garasje til løypemaskinen på Bjørnevatn.. Han er leiar i Bjørnevatn løypelag og fortalde at arbeidet var gjort på dugnad og at det hadde vore eit stort engasjement. No kunne laget ta vare på utstyret sitt på best mogleg måte, og så vona dei at sjåføren  ville halde på lenge og at dei fann arvtakar når han ikkje ville meir.

Til slutt fortalde prosjektleiar Sigurd Wiberg om utbygginga av Riksveg 9 og byggeleiar Ina Rognlid kom inn i eit sju minutt langt opptak midt i den samtalen. Wiberg fortalde litt om korleis finansieringa med delparsellar som blei utvikla saman med entreprenøren gjorde at det offentlege sparte pengar, som så kunne brukast på andre oppgåver. Til dømes vart ein del av det dei sparte no brukt til å få bort skjæringar og gjere vegskuldrene breiare og mjukare. Og så måtte dei alltid ta omsyn til at vegen ligg nær Otra og at dei ikkje gjorde noko som kunne føre til problem i elva.