Lokal litteratur

Share

I dag fekk vi seks nye artiklar på Setesdalswiki. To var om avisene som kom i veka før jul, to var frå Setesdal Spelemannslag 50 år. 1930-1980,  Den boka er ei gullgruve for å skrive artiklar om folkemusikken i Setesdal, og no som det er UNESCO-status på den, bør vi få mange artiklar om musikarane som har gjort at vi har fått statusen.

I ein slik situasjon er lokal litteratur viktig, og Geir, som skreiv artiklane frå boka, har skaffa seg eit stort tilfang av slike bøker. Det er ikkje unaturleg når vi les artikkelen han publiserte i dag: Glad i Setesdal. Etter kvart som aksjonsradiusen hans utvida seg oppover i dalen, fann han meir og meir å skrive om, og jo meir var det som gav grunnlag for kjensla av glede over arv og miljø.

Eg brukar å sjå gjennom eposten eg frå når Wangsmo Antikvariat har laga ny bokliste, og spesielt når det er Agder som er eit av emna. Men det er ikkje så ofte eg endar opp med å kjøpe noko. Eg er kanskje litt gnien, men bokhyllene mine er så fulle at eg kan ikkje kjøpe noko som ikkje er svært mykje til nytte.

Heldigvis er det mange som skriv lokal litteratur, og eg las i avisa at det var det mest populære som julegåver. Så får ein håpe at skrivelysten held seg.