Lang radiodag

Share

Om ein vil få med seg alt som blir sendt i Valle Radio, så kan ein av og til få ein lang radiodag. I dag starta sendinga med overføring av møte i Setesdal regionråd, det har fått nytt namn, Setesdal interkommunalt politisk råd, men det er så langt at eg er ikkje sikker på om det blir brukt så mykje i det daglege. Her møter ordførar og varaordførar i kommunane, så det blir jo ei litt stor forsamling. Ettersom det no er koronarestriksjonar att, så var møtet digitalt denne gongen.

Ei av sakene var til aktuell både i formiddagssendinga og i kveldssendinga. I formiddag handsama regionrådet Riksveg 9 og i kveldssendinga hadde Ørnulf Hasla opptak frå markeringa av opninga av strekningen Besteland-Helle, der han intervjua både politikarar, folk frå Vegvesenet og Agder fylke og arbeidsfolk frå entreprenørfirmaet Bjelland. Dei kjem frå Sandnees og det var deira første jobb i Setesdal og dei var godt nøgde med å ha fått anbodet. Når ein har klart å spare 20 millionar i høve til budsjettet, måtte jo alle vere nøgde, ikkje minst Jon Rolf Næss, for overskotet blir brukt til å utbetre strekningar i Bykle kommune der han er ordførar.

Kveldssendinga starta med Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki. Deretter var det Ann Christin Rikenberg Jacob som hadde ordet i Kommunen informerer. Ho er HR-ansvarleg i kommune, det som før heitte personalsjef. Når pandemien no slår til att, blir kommunehuset stengt og skulane tek fram att tiltaka frå i fjor, men biblioteket er ope, så ein kan  få lånt nokre bøker før jol.

Eg var ansvarleg for kveldens sending, og eg hadde fått med Tarald Rike til å snakke litt om Jol I Setesdal 2021. Med innhaldsista i årets nummer som disposisjon snakka vi litt om dette tradisjonsrike bladet som mange bare må ha til jol. Ein finn det på dei fleste butikkane oppover i Setesdal, og hos Norli Evje og prisen er 120 kroner.

Før han slapp til sa Ørnulf Hasla litt om sendingane før jol. Han fortalde også at Siri Johannessen vil sende eit opptak frå ein jolekveldsgudsteneste i Bygland i fjor joleptkvelden klokka 17. På grunn av korona blir kyrkjene stengde i år også.

Og lisle joleptkvelden blir det sending med trekking av premiar, men i år må folk møte opp i bilar utanfor Coop og Joker, og så vil trekkinga skje på verandaen hos Ørnulf på taket av Coop, der han har leilighet. Om stormen den raser og snøen vi ser, sending blir det i år også.

2 tankar om “Lang radiodag”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.