Fuglar

Share

Denne veka er det hagefugltelling her i landet. Det blir eit tema i sendinga onsdagskvelden, som har dette programmet:

Onsdag 2. februar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakt: Ingunn Åkre Rysstad
Program
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved Else Margit Tveit
20.00 Haralds time
*Frå arkivet
*Hagefugltelling 2022. Svein Inge Marcussen frå BirdLife Aust-Agder
21.00 Opi sending ved Ørnulf Hasla og Kristin Sagneskar
Høyr Valle Radio på
Det er mange fugleinteresserte i Setesdal, ei stund hadde dei vel eiga avdeling av ornitologisk forening, det som no har fått namnet BirdLife. Svein Inge Marcussen i Tvedestrand er interimsleiar av denne foreninga i Aust-Agder, og har også vore i Setesdal for å sjå på fuglar.

Nesten utruleg

Share

Når stormen den herjer og vinden vi ser, vi kan da jo slett ikke klage. Slik syng vi i ein julesang, og vi kunne kanskje halde fram:

For Setesdalswiki oss alltid er nær, vi kan være muntre og glade.

I dag kom det igjen mange nye artiklar til leksikonet, sju i talet, og endå er det ein dag att til månaden skifter. Det må vere lenge sidan vi har fått så mange nye artiklar på ein månad, akkurat no er det 130 nye. Her er lista:

Når ein er munter og glad og inspirert, då dukkar skrivelysten fram, så kan hende blir det fleire artiklar i morgon om spiriten held seg. I dag hadde vi eit spørsmål i vår daglege quiz: Kva heiter Den hellige Ånd på latin? Svaret skulle vere Spiritus Sanctus, spirit kan til og med vere hellig.

13 nye

Share

I dag var ein sterk dag for Setesdalswiki. 13 nye artiklar vart lagde til. Her er dei;

Siri finn skattar i arkiva, Geir finn stader i Setesdal vi enno ikkje hadde skrive om, og sjølv har eg skrive inn overskrifter i to aviser og laga ein artikkel om ein organist som seinare skal spele til gudsteneste i radioen. Eg hadde planar om å skrive om dei som skal ha gudsteneste i morgon også på Setesdalswiki, men fann ikkje nok informasjon til å gjere det, men eg vonar slik informasjon vil kome etter kvart.

Gudstenesten i morgon er frå Finnnsnes kirke. Sokneprest Ruth Astrid Stellmacher er liturg og Sarah Blamire er organist. Enid Bratteng og Nicole Wiik er tekstlesarar, og Kjell Karstein Øvereng medverkar også i gudstenesta. Finnsnes kirkes ungdomskor og Kirkebandet deltek med sang og musikk, dirigert av Solrun Borvik.

Preiketeksten er Joh. 5, 1-15 og salmene er 322 Stor er din trofasthet, 331 Du lyser din fred over barnet, 452 Du som styre straum og vind og 520 Gå gjennom byens lange, rette gater

 

 

Tre nye

Share

Det vart tre nye artiklar på Setesdalswiki i dag. To av dei skreiv Geir Daasvatn, medan eg etter kvart kom i mål med den tredje. Den handla om ein av radioprestane i 2022. Det kan jo vere greitt å vite noko om dei som talar på gudstenestene i radioen sundag klokka 11.

Eg er så heldig at eg har tre prestebøker med biografiar over prester og teologiske kandidatar i Den norske kyrkja, så ofte kan eg finne informasjon der. Då er det verre å finne noko om organistane og kyrkjemusikarane, for det er ikkje laga noko bok om organister i Den norske kyrkja, så vidt eg veit.

Ein gjer seg jo nokre tankar når ein held på med slik skriving. Det ser ut til at alle dei seks kyrkjene som skal ha mange gudstenester dette året, er arbeidskyrkjer, ingen er tradisjonelle langkyrkjer. Om det er lettare teknisk å overføre gudstenester frå slike kyrkjer, veit eg ikkje.

Komande sundag er det gudsteneste frå Finnsnes kyrkje. I ungdommen budde eg på Finnsnes eit år, det var før kyrkja der var bygd, så då måtte dei til Lenvik kyrkje på Bjorelvnes når dei ville på gudsteneste. Kan hende får eg laga artiklar om folka som deltek i gudstenesta der også, eg sende spørsmål til ein, og han formidla det vidare til dei aktuelle folka.

Her er presten eg skreiv om i dag:

Per-Kristian Bandlien

 

 

Radioprestar

Share

I kveld laga eg ei liste på Setesdalswiki over radioprestar som skal ha gudstenester sundagar klokka 11 i NRK Radio. Kvar prest på den lista skal ha seks eller sju gudstenester. Det var ein artikkel om dette i Vårt Land i går, og då tenkte eg at eg kunne jo lage den om til ei liste.

Radiogudstenestene har vore i NRK sidan 1924, det manglar altså bare to år på hundreårsjubileum. No har NRK hatt kurs for å hjelpe dei prestane som skal ha slike gudstenester til å få ei god form på dei. Eg tenkjer at eg etter kvart kan lage artiklar som vil gjere dei røde lenkene blå. Kan hende blir det også ei liste over dei andre prestane som har radiogudstenester.

Det  er mange som høyrer på radiogudstenestene, i snitt seier NRK at det er 300.000, så det er den største møtelyden i landet. Då trengst det å få opplæring for dei som skal forkynne i desse gudstenestene.

Radioprestane 2022

Stavkyrkje og redningshundar

Share

Stavkyrkje og redningshundar var tema i den aktuelle timen som Øyvind Jacob hadde i Valle Radio i kveld. Han snakka med Bjørgulv Bjørnarå om arbeidet som han gjer med redningshunden sin, det er blitt ein livsstil for han og Elisabeth Spockeli, kona hans. Dei trenar kvar dag, hundane må haldast i trim, og det må folka også.

Det kallast ein ekvipasje, hund og førar, og dei må trene både for sommar og vinter. Vi har jo sett noko av det i serien Redningshundene på NRK TV, og sjølv om Bjørgulv ikkje vart med i serien, kjenner han dei som er med der, for dei er jo på samlingar i regi av Norske Redningshunder fleire gonger i året i tillegg til eigentreninga.

For ein som er glad i å vere ute i skog og mark, er det ein ideell hobby. Men den er ikkje lukrativ, for ein får bare betalt for reise om ein blir kalla ut til ein aksjon. Alt anna må ein koste sjølv. Det er politiet som kallar ut til leiteaksjon, og i Setesdal er det tre ekvipasjar på Hovden, to i Valle og ein på Evje. Så det er eit lite miljø, men ein triveleg aktivitet.

I samtalen med Knut H. Rysstad, JA-Knut, snakka dei om planane for å byggje ei stavkyrkje på Rysstad. Eg vart jo noko overraska over prisoverslaget, det var tale om 30 millionar kroner, men dei såg visst lyst på å få inn så mykje pengar. Dei ville gjerne ha melding om viss folk hadde stokkar som kunne høve til kyrkja, etter det eg skjøna, var det snakk om stokkar som framleis vaks, men som kunne merkast som høvelege når bygginga skulle starte. Mellom anna var det tale om slike kne som skal bere taksperra. Om nokon visste om slike, måtte dei melde frå.

 

Emigrering

Share

I kveld var Olav M. Holen i Valle Radio og fortalde om utvandringa frå Bykle til USA. Den starta på 1840-talet og gjekk via Kristiansand til Le Havre og så til New York. Dei 28 som reiste måtte ha med seg 60 kg mat pr. person, så det var litt av ein tur. Men så tok han også mange veker.

Seinare reiste folk over heia til Suldal eller via Brokke til Lyse og tok båt til Stavanger før dei så drog vestover. Ein slik tur er det fortald om i Byklesoga Heimar og folk i Bykle av Ånund Olsnes,

Her er lenke til det som står der: Løyning under Ryningen

 

 

 

Lina Sandell

Share

Lina Sandell var ein svensk tekstforfattar som vart kjær for mange bedehusfolk. Ho levde frå 1832 til 1903 og skreiv om lag 2000 dikt og sangar. Mange av desse fekk melodiar av Oscar Ahnfeldt og vart omsette til norsk. Det er skrive fleire bøker om henne, mellom andre Lina Sandell – Et liv til Herrens ære av Astrid Valen Sendstad i 1995.

Lundes sang og salmeleksikon av Tobias Salmelid fortel at ho var aktiv under den rosenianske vekkinga og at den røde tråden i diktinga hennar er kjærleik til naturen, tillit og hengjeving til Gud. Alt som 21-åring gav ho ut sine første dikt i diktsamlinga Åndelige vårblomster. Den hadde 34 dikt.

Frå 1861 var Lina Sandell tilsett i Evangeliska Fosterlandsstiftelsen der ho mellom anna hadde ansvaret for utgjevinga av kalenderen Korsblomman i 37 år. Det var ein kalender på 70 sider. I tillegg hadde ho ansvar for sangboka Pilgrimsharpen.

I Valle Radio i morgon kveld kan du høyre nokre av sangane ho skreiv så vel som eit svært variert og lødig program elles. Det er bare å finne fram kanalen på radioen eller internett klokka 18 og gjere seg klar for ein lyttekveld der TV er svart, som Hallvard Kjelleberg ville sagt det.

Tirsdag 12. januar
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri av Harald Haugland
18.15 Over en åpen bibel med Pet Karlsen fra Norea

18.30 Sang og musikk: Lina Sandell med Anne Tempelen og tango med Karl Espegard
19.30 Timen: Audun Aas fra Statens Vegvesen og Tormod Homme fra Nomeland maskin om Uppstadsvingene, og Olav M Holen om utvandring

20.30 Postludium ved Niklos K Besteland

 

Hillsong

Share

I kveld gjekk det eit program om Hillsong på NRK1. Det var eit Brennpunkt-liknande program der programskaparane gjekk inn på kva som ligg bak denne mega-kyrkja. Det synte seg etter kvart at i starten var motivet å hjelpe folk, men etter kvart vart det meir viktig å bli rik for dei som var leiarar.

I vårt norske perspektiv er eg glad for at kyrkjene ikkje har slike leiarar, men folk som tener si løn i på eit høveleg nivå for jobben dei gjer. Arbeidaren er verd si løn, og sjølv om ein samlar skattar i himmelen, treng ein løn på jorda for å gjere opp for seg.

Hillsong er ikkje ei kyrkje eg kjem til å følgje med særleg interesse. Men eg er interessert i kyrkjeleg og kristeleg stoff, og Setesdalswiki ber preg av det både når det gjeld prestebiografiar og anna som fell inn under den sjangeren. Det er ikkje så mykje av dette som har fått plass på Internett, og dei små forlaga har vanskeleg for å få nok salg når dei gjev ut titlar der målgruppa er kristne. I Vårt Land var det ein artikkel om at det bare var gitt ut 2 titlar med kristent perspektiv på dei sekulære forlaga, så om vi skal få bøker om kristenliv og kristen tru, treng vi dei kristne forlaga.

Men Hillsong treng vi neppe.

 

Bilder

Share

I dag var Siri Johannessen ute med kamera. Det vart tre nye bilder til Setesdalswiki. Takk for dei!

Bilder løfter artiklane våre og eg skulle ønske at eg var flinkare til å legge inn bilder også frå samlingane av bilder frå Bykle og Valle i gamle dagar og frå Bygland og Evje sine tilsvarande sider.  Eg prøver å følge dei, men så kjem det ofte noko mellom, og så går dei i gløymeboka.

Mange gonger er det spørsmål om kven som er på bilder som blir lagt ut. Då er det spennande å sjå at det som oftast er nokon som veit kven som er på bilda. Privat har eg ein del bilder heimefrå som eg ikkje veit kven er, men eg har ikkje vore i ei gruppe frå Ålgård for å høyre om nokon kjenner folka. Det burde eg nok ha vore.

Flott veg vi har fått i Setesdal. Her er eit parti frå Fånefjorden, foto Siri Johannessen.