Mimrekveld

Share

I kveld gav Siri Johannesen meg høve til å mimre om Valle Radio si første tid. Den gongen var vi på loftet i det gamle Heradshuset i Valle, og ho hadde leita i arkivet og funne stoff som eg hadde gløymt at eg hadde halde på med.

Eg er til dømes ikkje realist, likevel hadde eg hatt ein programserie om Niels Henrik Abel, matematikaren. Eg hugsar derimot at eg hadde med meg Jan Oddvar Rysstad, Knut Inge Hovet og Jan Roger Homme som teknikarar. Dei var elevane mine på Valle skule og Siri tok telefonen til Jan Oddvar for å høyre kva han hugsa. Han fortalde at dei ikkje var så interesserte i fotball, så dei valde å ha valfag i radioen. Det hadde dei også lært mykje av.

Om vi skal ta programmet i kveld kronologisk, så starta det med eit kåseri eg hadde i 1999 om då radioen flytta inn i det som no er radiohuset. Så var det Over ein open Bibel med Pet Karlsen og deretter Nytt og gamalt med bl.a. kommuneoverlege i Bykle og Valle Benedicte Severinsen og Sigurd Langeid frå Politiet om jol og nyttårshelga før det nemnde innslaget mitt med Jan Oddvar.

Kvelden vart avslutta med Glade toner med Ånund K Homme frå 19. januar 1999 og Postludium ved Pieter Leebeek frå 19. januar 1999. Tysdagssendingane har fått si låm, det var rart å høyre at kveldane framleis er temmeleg like det dei var den gongen.
I morgon skal eg få litt hjelp frå Leonard Jansen til å skrive litt meir om oppstarten.