Leonhard om starten

Share

Eg skreiv i går at vi skulle få høyre noko frå Leonhard Jansen om starten av Valle Radio. Dette er litt av det han sa då radiofolka markerte at vi hadde fått Valle kommune sin kulturpris:

Gratulerer alle saman. Var vel ingen som hadde noko tankar om kulturpris då det heile vart sett i gong for snart 25 år sidan.

Begynte i Bykle med prøvesending 25. oktober 1992. Bjarne Tveiten var redaktør. Vart rigga til studio i kommunehuset og sett opp sendarar. Øvre del av Valle kunne høyre, og eg som budde i rikje klarte også å høyre dersom eg rigga meg til med radio, med antenna så langt ut som det var mogeleg å tekkje den, og gjerne ein luntetråd i enden. Skurra noko forferdeleg, men det var utruleg spennande å høyre. 

Eit veldig populært program var radiobingo, der folk kjøpte lodd på butikken eller bensinstasjonen og fylte ut kupongar. Så var det å ringe inn når ein hadde bingo, og fekk ein prat med programleiarane på lufta. Må vel innrømme at det nok ikkje var favorittprogrammet mitt.

Sett ned nærradionemnd i 1993 med  med Henry Johansen, Theis Salvesen, Hallvard Kjelleberg, Harald Haugland som medlemer. Dette prosjektet stoppa opp. Au andre nemnder i sving utan at noko skjedde.

Det kjem meir om dette i morgon.