Avisa som ikkje kom

Share

No er det snart ei veke sidan årets første nummer av Setesdølen kom ut. Vi brukar å få det med Fædrelandsvennen og dei andre avisene vi har, men den tysdagen kom avisa ikkje. Ettersom eg skriv inn overskriftene på Setesdalswiki, likar eg å ha papiravisene, så eg ringte avisa og dei lova å sende den med posten.

Men det er eit problem med Posten, og det er at omdelinga her er tre dagar den eine veka og to dagar den andre veka. Den veka vi no er inne i, er det omdeling måndag, onsdag og fredag. Ettersom avisa ikkje kom i dag, må eg vente til onsdag før eg kan rekne med at ho kjem.

Det er klart at når Posten skal ha bærekraft og vi bare nyttar epost, blir det små inntekter. Eg har ikkje slått opp kor stort overskot Posten har år om anna, men noko må det vel bli, for vi kjøper varer via postordre som aldri før og eg har til dømes lese om Bli Vakker, nettbutikken i Kristiansand som gjer det svært godt.

Posten har fått konkurrentar når det gjeld pakkar også, Nord Post kjører forbi huset vårt med ein liten lastebil fleire gonger i veka, eg trur dei omtrent leverer på døra til folk.

Men enn så lenge ventar eg på Setesdølen nr. 1, 2022.