Gjesteboka

Share

Eg veit ikkje kven som kom på ideen med å ha ei gjestebok i Valle Radio, men den vart verkeleg ei gullgruve når vi skulle finne ut noko meir om kva som skjedde den første tida i radioen. Ein ting er å ha arkiv med programma som lyd,  men det er likevel ikkje så lett å høyre kven det er som snakkar eller blir introdusert. Men med Gjesteboka blir det mykje lettare. Der skreiv både dei ansvarlege, teknikarane og telefonvaktene namna sine saman med dei som var innom for ein samtale eller ei kunngjering. Den første gjesteboka fekk vi av Ingebjørg Helle Haugen til innflyttinga i det nye studioet 4. september 1999.

Valle Radio er altså 25 år i år, medan storebror, som dessverre ikkje sender lenger, Bykle Radio, vart stifta i 1991 etter det proff.no kan fortelje. Som firma består jo den radioen framleis, men no er det vel bare overføring av kommunestyremøte som skjer frå Bykle, og der heiter det overføring via Valle Radio.

Det er svært mange som har vore med og laga radio opp gjennom åra. I 1999 hadde vi elevar frå vidaregåande skule med oss. Eg er ikkje sikker på om vi finn ut så mykje om dei, men vi prøver no å lage artiklar på Setesdalswiki om programma den første tida.