Nåde

Share

Gud sjå i nåde til folk som bur i gamle hus, siterte Steinar Kyrvestad i kveld i Valle Radio. Det var visst Leonard Jansen som hadde sagt det, men samanhengen kom ikkje fram. Sitatet høvde likevel, for gamle hus som ikkje er godt isolerte får høge straumrekningar i desse dagane. På TV såg vi at endåtil direktøren i kraftselskapet stilte opp for å svare på telefonar om straumrekninga og om korleis folk skulle klare å få betalt den.

Nåde kunne ein vel også seie at det var at elektrikaren hadde vore i radiohuset og sett inn nytt lys i den lange trappa opp til studio. Den har vore mørk og vanskeleg å gå i, men no var det endåtil blitt GPS-basert lys der, slik at det tente seg etter både sol og måne og kva det skulle vere. Resultatet var flaumlys, og det er nok alle som skal gå i trappa svært glade for.

Nåde var det og at Vidar Homme ville heim til Valle att og kunne ta til som kommunedirektør  1. mai. Det skulle vere ekstraordinært kommunestyremøte 26. januar for å gjennomføre tilsetting, og tilrådinga var einstemmig frå både administrasjonsutval og konsulentar.

Om det er nåde å kunne kjøre elsykkel, det veit eg ikkje. Men i løpet av våren blir sykkelveg ferdig frå Helle til Rysstad, anten ein trør eller har hjelpemotor. Steinar Kyrvestad hadde prøvd det ein gong og funne det enkelt og godt, så kanskje blir det elsykkel i staden for bil av og til framover.

Før Steinar kom i studio, hadde Torfinn andakt. Etter han var det Lokal time. Der hadde Ørnulf vore på besøk hos To i tråd og hos brennevinsprodusentane i Brokke.

Opi sending med Jorunn og Kåre fekk eg ikkje med meg så myke av, for etter at eg sjølv hadde vore med og løyst rebus og sunge og slik fått to lappar i bollen, fekk eg telefon og den vart litt lang. Men eg fekk med meg slutten og høyrde at eg vann Flaxlodd for den improviserte sangen min.