Stavkyrkje og redningshundar

Share

Stavkyrkje og redningshundar var tema i den aktuelle timen som Øyvind Jacob hadde i Valle Radio i kveld. Han snakka med Bjørgulv Bjørnarå om arbeidet som han gjer med redningshunden sin, det er blitt ein livsstil for han og Elisabeth Spockeli, kona hans. Dei trenar kvar dag, hundane må haldast i trim, og det må folka også.

Det kallast ein ekvipasje, hund og førar, og dei må trene både for sommar og vinter. Vi har jo sett noko av det i serien Redningshundene på NRK TV, og sjølv om Bjørgulv ikkje vart med i serien, kjenner han dei som er med der, for dei er jo på samlingar i regi av Norske Redningshunder fleire gonger i året i tillegg til eigentreninga.

For ein som er glad i å vere ute i skog og mark, er det ein ideell hobby. Men den er ikkje lukrativ, for ein får bare betalt for reise om ein blir kalla ut til ein aksjon. Alt anna må ein koste sjølv. Det er politiet som kallar ut til leiteaksjon, og i Setesdal er det tre ekvipasjar på Hovden, to i Valle og ein på Evje. Så det er eit lite miljø, men ein triveleg aktivitet.

I samtalen med Knut H. Rysstad, JA-Knut, snakka dei om planane for å byggje ei stavkyrkje på Rysstad. Eg vart jo noko overraska over prisoverslaget, det var tale om 30 millionar kroner, men dei såg visst lyst på å få inn så mykje pengar. Dei ville gjerne ha melding om viss folk hadde stokkar som kunne høve til kyrkja, etter det eg skjøna, var det snakk om stokkar som framleis vaks, men som kunne merkast som høvelege når bygginga skulle starte. Mellom anna var det tale om slike kne som skal bere taksperra. Om nokon visste om slike, måtte dei melde frå.